Oslo-bussen fekk pålegg om sette på kjettingar.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Oslo-bussen fekk pålegg om sette på kjettingar. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN

Vêr og trafikk-kaos på Haugalandet

Kraftig snøvêr over delar av Haugalandet har ført til glatt føre og mange trafikkulykker. Ei av desse i Åmsosen i Vindafjord.

SISTE: 13.34 Boknafjordbrua på E39 i Bokn er open for trafikk igjen. Vegen er salta og brøyta.

13.25 Vegen over Fikse på E134 er rydda og trafikken skal gå som normalt, melder politiet.

12:14: Vogntog har køyrd seg fast i Fiksebakkane på E134 i Etne. Brøytebilen står i køen bak vogntoget.

12.11: E134 Haukelifjell er stengt grunna uvêr.

11.37: No er Karmsund bru brøyta og salta, og open for trafikk igjen.

11.20: Meir trøbbel på Boknasundbrua. — Brua var ikkja opna før ein ny lastebil køyrde seg fast. Lastebilen sperrer nordgåande felt. Politiet returnerer for bistand og trafikkdirigering.

Klokka 11.12 melder politet at Boknasundbrua på E39 i Tysvær er open igjen.

Klokka 09.59 melder politiet at de er på Boknasundbrua på E39 i Bokn Der står to trailerar fast. — Manuell dirigering. Det er meldt svært glatt køyrebane. Bergingsbil og brøytebil skal straks vere på staden, skriv Sør-Vest politidistrikt på X.

Klokka 09.28 melder politiet at dei har stengt Karmsund bru. — Det kjem stadig køyretøy med sommardekk, og nye problem oppstår fortløpande. Vegtrafikksentralen er infortmert. Åpmninga av brua blir vurdert når brua er brøyta og salta ordentlig.

Det er omkøyring via Karmøytunnelen. Der var armen mot Karmøy stengt ein periode grunna køyretøy med problem, men no kjem trafikken forbi. — Ver meksam og vis omsyn, skriv Vegtrafikksentralen på X like før klokka 10.

Klokka 9.09 melder politiet om store utfordringer med føret på E39 Sundførvegen i Tysvær. — Fleire lastebilar har problemer med å seg opp bakken. Dette skaper kø, skriv Sør-Vest politidistrikt på X.

Ulykke i Åmsosen

110 Sør-Vest meldte like før klokka 8.30 at det har vore ei trafikkulykke i Åmsosen i Vindafjord.

Både brann, politi og ambulanse rykte ut til hendinga.

Vêr og trafikk-kaos på Haugalandet

Ingen personar skal vere skada i hendinga, melder Sør-Vest politidistrikt.

Fleire hendingar

Det snør kraftig fleire stadar på Haugalandet, og det er meldt om glatt føre fleire stadar, og politiet melder om fleire ulykker på Haugalandet torsdag morgon.

I Heskjadalen i Tysvær har ein buss med skule-elevar køyrd av vegen. Bussjåføren er lettare skada. Alle elevar skal vere uskadd.

I Vestre Karmøyveg på Karmøy har ein personbil køyrd av vegen.

I Kopervik har eit vogntog køyrd i autovernet.

I Spannavegen i Haugesund har ein bil køyrd inn i ein annan. Ein person blir tilsett av helsepersonell. Ein av bilane skal ha hatt sommardekk.

På Raglamyr har tre-fire biler sklidd av vegen. Ingen personskadar, men store trafikale utfordringar, melder politiet.

På Ognasundbrua i Tysvær har to lastebilar kollidert i låg hastigheit.

Frå Karmsund bru blir det meldt om store trafikale utfordringar grunna snøvêret.

Kamrsund bru like før klokka 9 torsdag.
SKJERMDUMP: STATENS VEGVESEN/WEBCAM

Kolonnekøyring på Haukeli

Torsdag morgon er det kolonnekøyring grunna uvêr på E134 mellom Liamyrane bom og Haukelitunnelen. Dette opplyser Vegtrafikksentralen sør på X.