Kjell Spanne (f.v.), Edvin Aarak og Jon Magne Svendsbøe har oppretta organisasjonen Bevar Ålfjordens perle.
Kjell Spanne (f.v.), Edvin Aarak og Jon Magne Svendsbøe har oppretta organisasjonen Bevar Ålfjordens perle. FOTO: Svein-Erik Larsen

«Vindafjord kommune misbrukar makta si»

Foreininga Bevar Ålfjordens Perle er djupt skuffa og alvorleg uroa etter at utvalet for Drift, Utvikling og Kultur (DUK) i Vindafjord no har gitt Windafjord Port løyve til å påbyrja fase 1 av utbygginga av Dommersnes industriområde.

Vedtaket er basert på ein utdatert 44 år gammal reguleringsplan, som verken reflekterer dagens miljøstandardar, krav til samspel, berekraft eller risiko- og konsekvensutgreiingar. Storleiken på tiltaket, uttak av 850.000 kubikk massar og planering av 54 dekar, tilseier at tiltaket er eit «større bygge- og anleggstiltak» i plan og bygningslova, noko som utløyser krav om ny reguleringsplan. Verknaden av mangel av dette er at byggeløyvet er ugyldig.

15. april 2024 var ein trist dag for lokaldemokratiet. Me hadde forventa ei profesjonell og ryddig klagehandsaming frå kommunen og DUK-utvalet, men står igjen med ei kjensle av å ha blitt fullstendig oversett. Det er nedslåande at kommunen sine sterke kommersielle interesser i utbygginga fører til maktmisbruk og hersketeknikk, ved at våre juridiske innvendingar blir fullstendig ignorert, noko som underminerer dei juridiske og demokratiske prosessane.

Med dette vedtaket har kommunen hasta gjennom ein avgjerdsprosess utan tilstrekkeleg vurdering og forståing av dei miljømessige og samfunnsmessige konsekvensane og utan å ha det formelle i orden. Frå eit samfunnsperspektiv er det uforståeleg at kommunen ikkje ynskjer ei konsekvensutgreiing for alle fasane. Me har lita tru på at det stoppar med fase 1 når utbygginga først startar. Med bakgrunn i situasjonen, vil foreininga Bevar Ålfjordens Perle no følgje opp Statsforvaltaren og eventuelt også Sivilombodsmannen.

Jon Magne Svendsbøe, Edvin Aarak, Kjell Spanne

Styret i foreininga Bevar Ålfjordens Perle