Historikar og bygdebokforfattar Anders Haugland med garden der postbonden i Ølen budde i bakgrunnen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Historikar og bygdebokforfattar Anders Haugland med garden der postbonden i Ølen budde i bakgrunnen. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 1 av 11
Steinbru i Ølen.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Steinbru i Ølen. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 2 av 11
Tyskerbunkeren på Fikse.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Tyskerbunkeren på Fikse. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 3 av 11
Postvegen Etne-Skånevik.
Foto: Haugesund Turistforening
Postvegen Etne-Skånevik. Foto: Haugesund TuristforeningBilde 4 av 11
Ei steinbru langs postvegen Etne-Skånevik.
Foto: Haugesund Furistforening
Ei steinbru langs postvegen Etne-Skånevik. Foto: Haugesund FuristforeningBilde 5 av 11
Vaffelhytta på Fikse.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Vaffelhytta på Fikse. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 6 av 11
Postvegen Ølen- Meland.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Postvegen Ølen- Meland. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 7 av 11
Det er sett ut mange benker langs postvegen Ølen-Etne.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Det er sett ut mange benker langs postvegen Ølen-Etne. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 8 av 11
Postvegen er godt skilta.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Postvegen er godt skilta. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 9 av 11
God utsikt frå toppen av postvegen mellom Etne og Skånevik.
Foto: Haugesund Turistforening
God utsikt frå toppen av postvegen mellom Etne og Skånevik. Foto: Haugesund TuristforeningBilde 10 av 11
Postvegen Etne-Ølen byr på flott utsikt over Etne.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Postvegen Etne-Ølen byr på flott utsikt over Etne. Foto: Irene Mæland HaraldsenBilde 11 av 11

Dei gamle postvegane som blei turstiar

I gamle dagar blei posten frakta langs faste postvegar i Etne og Vindafjord. I dag er desse vegane populære turstiar for store og små.

Året er 1647. Postverket i Norge blir etablert og arbeidet med dei første postvegane blir sett i verk. Dei første postrutene kom mellom Christiania og København, mellom Christiania og Bergen og mellom Christiania og Trondheim. Nokre år seinare kom ruta Christiania-Kristiansand-Stavanger og på 1660-talet kom ei postrute til Nord-Norge.

Postvegen til Stavanger gjekk over Os, med båt over Bjørnefjorden til Våge og vidare over land til Søreide på Tysnes. Frå Tysnes blei posten sendt med båtskyss til Stord, vidare til Borgundøy og Nerheim i Ølen.

Frå Ølen blei posten frakta vidare til Etne. Postvegen Etne-Ølen blei anlagt i 1820-åra og gjekk der dagens turveg over Fikse går i dag. Vegen mellom Etne og Ølen gjekk vidare til Sandeid over Oppheim, og frå Etne blei posten frakta vidare til Skånevik over fjellet.

— Stavangerske postrute frå Bergen til Stavanger kom i 1654. Først gjekk postvegen frå Sandeid til Ølen og i 1785 blei vegen lagt inn mot Etne. Postvegane var i bruk til dampskipa byrja å koma i 1865, og i 1870 var det slutt. Då gjekk posten med dampskip frå Bergen til Ølen, fortel historikar og bygdebokforfattar Anders Haugland (75) frå Ølen.

Steinbru i Ølen. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Postbønder

Arbeidet med å få posten trygt fram var det postbøndene som tok seg av. Ordninga med postbønder har røter tilbake til 1647, og blei i 1719 ei statleg ordning. Postbonden skulle overta og levera posten vidare til neste mann i rekkja, og han kunne enten levera posten sjølv eller få ein postdreng til å ta seg av oppgåva.

— Postbonden var administrator og hadde ein postdreng under seg. Postbonden kontrollerte postsekken og sjekka at posthornet var i orden. Han kunne også senda posten med andre som kom forbi, men det måtte vera mannfolk. Kvinner og barn kunne ikkje ta på seg oppgåva, fortel Haugland.

Postbønder som fall for freistinga av å senda posten med det kvinnelege kjønn kunne venta seg ei klekkeleg straff. Det fekk ein postbonde i Ølen erfara.

— Postbonden Endre Heggen på Heggjo i Ølen sende i 1805 posten med ei dame til Etne. Han blei dømt til eitt år i tukthus i Bergen, fortel Haugland.

Postbøndene fekk vanlegvis ikkje betalt for postjobben, men fekk fritak for andre plikter som militærteneste og plikt til å skyssa reisande.

Posten blei levert ein gong i veka, og turen mellom Bergen og Stavanger skulle ta 43 timar. Men var vêret dårleg kunne posten bli sterkt forseinka.

— Ein gong ved juletider tok det 72 timar. Det var snø og posten blei liggjande i Etne, fortel han.

Posten blei enten levert via fots eller til hest. På byrjinga av 1800-talet blei postvegane bygd slik at det skulle vera mogleg å ta seg fram med hest og karjol, og vedlikehald av vegane var det bøndene som tok seg av.

— Bøndene hadde kvar sin del av vegen, ein rode, som dei plikta seg til å vedlikehalda utan vederlag. Det var ein del av skatten, fortel historikaren frå Ølen.

Ei steinbru langs postvegen Etne-Skånevik.
Foto: Haugesund Furistforening

Turveg

Dei gamle postvegane mellom Etne og Ølen, og Etne og Skånevik er i dag populære turvegar. Frå Ølen går vegen gjennom både beiteland og skogsområde. Den kryssar fleire gardsvegar og enkelte stader går den gjennom gardstunet.

Turen mellom Etne og Ølen blir rekna som ein enkel fottur på omlag 3 timar. Turvegen startar ved Øvrehagen i Ølen og kjem ned på Meland i Etne. Frå Meland kan ein gå vidare langs Gamlevegen inn til Etne sentrum.

På Fikse går vegen forbi ein gamal tyskarbunker. På utsida av bunkeren står bord og benker, og på informasjonstavla på utsida av bunkeren kan forbipasserande få nyttig informasjon om bruk under krigen og ulike hendingar knytt til området under andre verdskrig. Bunkeren er opplyst innvendig.

Postvegen er godt skilta.
Foto: Irene Mæland Haraldsen

Langs postvegen er det sett ut benker gitt i gåve frå Revmatikarlaget i Etne og Vindafjord der ein kan ta seg ein pust i bakken og ved populære Vaffelhytta som står open året rundt kan ein nyta nistepakken eller søkja ly for vêr og vind om nødvendig. Turen langs postvegen mellom Ølen og Meland i Etne byr også på flotte steinbruer. Den gamle brua Steinbru i starten av vegen i Ølen blei bygd rundt 1835. Brua er bygd på ein spesiell måte ved først å laga ei kvelving i tre som steinane skulle kvila på. Deretter blei brua bygd opp med stein frå kvar side.

Postvegen mellom Etne og Ølen gjekk vidare til Sandeid over Oppheim. Deler av vegen går langs same trase som vegen opp til parkeringsplassen på Oppheim. Her kan ein finna ein hidler som blir kalla Postmannshidleren der postmenn brukte som ly for vêr og vind.

Vaffelhytta på Fikse.
Foto: Irene Mæland Haraldsen

Etne-Skånevik

Frå Etne blei posten frakta vidare over fjellet til Skånevik. Denne vegen er ein del av den gamle Stavangerske Hovedvei frå Bergen til Stavanger.

— Postbonden i Etne fekk betaling for hest og vogn, og ein ferjemann frakta posten over Etne-elva, fortel Haugland.

Postvegen blei bygd som rideveg, og er i dag godt merka. Haugesund Turistforening har rangert turen som en middels krevjande fottur på om lag tre til fire timar, og med ein del bratte parti. Høgste punkt på vegen er Varleite, rundt 600 m.o.h. Her er det flott utsikt over både Etnebygda og Skånevik.

Postvegen Etne-Skånevik.
Foto: Haugesund Turistforening