John Karsten Hustveit er gjest i Grannarpodden
Foto: Grethe Hopland Ravn
Nestleiar John Karsten Hustveit i Grannar sitt styre er klar for å starte jakten på ny redaktør. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Fjording med høg kvilepuls

John Kasten Hustveit sin kvilepuls stig som regel når resten av Noreg sin kvilepuls går ned. Gjennom sommarmånadane kryr det av turistar i Åkrafjorden, og passar den ferske 50-åringen heilt perfekt.

Dei fleste som veit kven John Karsten Hustveit er, tenker gjerne like fort på Åkrafjordtunet og turisme når dei høyrer namnet hans. I 25 år har han drive handelsstaden Åkrafjordtunet som både kan by på overnatting, kafé, daglegvarebutikk og turistinformasjon. I tillegg har han ei hand på rattet også når det gjeld Åkrafjorden Oppleving, der han i løpet av sesongen tar i mot 25.000 besøkjande turistar berre gjennom fjordcruise.

— Det er travelt i høgsesongen, og kvilepulsen for oss som jobbar med turisme i Åkrafjorden går nok opp når alle andre sin kvilepuls går ned, men det har blitt ein livsstil som eg trivst med, seier Hustveit, som denne veka er gjest i Grannarpodden.

Fleire jubileum

I løpet av samtalen blir det mykje snakk om Åkrafjorden, turisme, og framtidsplanar for både fjorden og næringa. I 2024 markerer Hustveit ikkje mindre enn tre jubileum, og eitt av dei er Åkrafjordtunet som i august skal feira 25-årsjubileumet sitt. Då blir det stor markering med salsboder, tilbod og ikkje minst fest på kvelden. Det gler han seg veldig til.

Då John Karsten og kona Siri starta opp med Åkrafjordtunet i mai 1999, fekk dei ei litt utfordrande melding å forholda seg til frå Statens vegvesen. Planen var å driva næring kloss inntil den nye E134-vegen som skulle opna på same tid, men så får dei melding om at vegen blir eitt år forseinka.

— Då blei me ganske urolege, for her hadde me tatt opp store lån for å realisera prosjektet vårt og så kom plutseleg meldinga om å utsetja opningsdagen for vegen med eitt heilt år. Men trass treig start, har me klart oss godt, seier Hustveit.

På privaten

I løpet av episoden får lyttarane også bli kjent med kven John Karsten Hustveit er på privaten. Korleis det gjekk med barndomsdraumen om å bli trommeslagar, kva dei to andre jubilea handlar om, og kva forhold han har til fotball. Lyttarane får også vita meir om kva det nyaste prosjektet i Åkrafjorden går ut på, og kven han ser opp til og ønskjer å framsnakka.

Grannarpodden kan du lytta til der du vanlegvis lyttar til podcast, og det er heilt gratis.