Original tekst i 2013 Langfoss er ein av dei største turistattraksjonane i regionen.
Langfoss med stor vassføring ein vårdag. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Den vakre fossen

Langfoss har tatt pusten frå mange turistar. Fossar er ofte myteomspunne, men denne fossen er ikkje anna enn lang og fin. Ei forteljing er likevel at brislingsfiskarar frå Bømlo meinte at vatnet fremja fertiliteten til dei som drakk det.

Gjennom sitt engasjement i Åkrafjorden Oppleving AS og annan turisme, er Nina Kaltwasser på Eljervik-garden blant dei nolevande personane som veit mest om Langfoss.

— Når me ligg med båten ved fossen, serverer me vatn frå fossen med historia om at brlislingfiskarar frå Bømlo hadde spesielt store barneflokkar heime på øya i havet, seier Kaltwasser.

Stølsvegen langs fossen er no ein tursti, men den høyrer til garden Eljervik, slik òg fossen gjer.

— Fossen høyrer til garden vår ja, men ikkje vatnet. Forfedrane til ektemannen min måtte sjå at fossen var planlagd for utbygging, så Staten overtok vassføringa. Heldigvis vart fossen freda, avsluttar Nina Kaltwasser, som er så heldig å ha eit namn som passar godt til det kalde vatnet som kjem ned frå snøsmelting og høgtliggjande vatn i Etnefjella som aldri har vore påverka av kraftutbygging.

Langfoss sett frå Eljervik. Dette er eit av dei mest brukte biletmotiva av fossen. Arkivfoto FOTO: Arkivfoto Grannar

Langfoss i Vaulaelva i Åkrafjorden i Etne kommune har eit nedløp på 612 meter. Det er det berre femten fossar i Noreg som er lengre. Mange fossar har lange fall, men vatnet i Langfoss renn langs den skrånande fjellsida.

Fossen høyrer til garden vår ja, men ikkje vatnet

Nina Kaltwasser

Ikkje minst er det fint å sjå fossen frå garden Eljervik langs E134, men ein kan òg ta han i nærare augesyn ved å parkera på det tillrettelagte anlegget der fossen kryp under vegen og ned i Åkrafjorden. Der vil ein visse dagar, spesielt i mai og juni, måtta ha vindusviskarane på i bilen under passering.

Den amerikanske fjernsynskanalen CNN hadde for nokre år sidan ei kåring kor Langfoss plasserte seg blant dei ti mest spektakulære fossane i verda.

Nina Kaltwasser på garden Eljervik veit mykje om Langfoss .
Arkivfoto FOTO: Arkivfoto Grannar

Tidleg turisme

Der store fossefall var lett tilgjengeleg i tidlegare tider, finn ein gjerne segn og soger knytt til fossane. Eit døme er Kjosfossen i øvst i Flåmsdalen. Toget på Flåmsbana stoppar delar av året slik at turistane får sjå huldra som dansar og syng eggjande tonar frå ein bergformasjon i fossen.

Eit nærare døme er Tyssestrengene i Hardanger som i 1967 blei regulert bort til fordel for kraftanlegget Tysso II. Fossen er tørrlagt, men med svært mange år mellom kjem dei to parallelle fossefalla til fordums prakt inst i Ringedalsvatnet, nesten synleg frå Trolltunga. Det er rett nok berre i omfattande vedlikehaldsstansar i Tysso II at det skjer, og det har sidan oppstarten i 1967 kun skjedd i 2001.

Kunstnarar fann tilhald i Hardanger kor den første form for turisme fann stad i landet. Kundane til kunstnarane var turistar som var velhaldne folk frå aristokratiet i Europa, med den tyske keisar Vilhelm II i spissen og skipet hans «Hohenzollern».

Langfoss i Åkrafjorden er internasjonal kjent. FOTO: Arkivfoto Grannar

Eit og anna skip kan ha segla inn Åkrafjorden dersom dei hadde høyrt om vakre Langfoss, men ikkje nok til at det vart etablert turisme ved fjorden. I Hardanger låg ikkje fossane til fjorden, men der var det vegar for dei frå sjøen ankomne turistane.

Dette utvikla ein marknad for kunstmotiv frå naturen desse turistane likte så godt, og ein som såg dette var vossingen Nils Bergslien. Han var ein skulert målar og bilethoggar med utdanning og lære både frå Christiania og München.

I periodar budde Bergslien på ulike hotel i Hardanger, kor betalinga for kunsten han laga var kost og losji. Nokre av desse kunstnarane levde ustrukturerte liv og var prega av skiftande innteksgrunnlag. Studieopphald i Paris og andre byar hadde gjort at dei var vane med ein meir sofistikert mat- og drikkekultur. Dette fann dei på hotella i Hardanger på stader som Odda, Tyssedal, Lofthus, Eidfjord og Ulvik

Bergslien fann det rimeleg å bruka kraftutbygginga som motiv miksa saman med gamle mytar. I bileta hans dukkar ofte Nøkken eller Fossegrimen opp. Det mest kjende er då Fossegrimen sit fortvila med harpa si i eit tørrlagt elveløp. Bak han ser ein to store røyr der det tidlegare rann vatn.

Nils Bergslien var nevø av bilethoggaren Brynjulf Bergslien, som står bak skulpurten av Karl Johan på hest framfor slottet i Oslo.

Langfoss sett frå Heia på andre sida av fjorden.                   Foto: Nils Tokheim

Mytelaus

I Åkrafjorden var det ikkje hotell som trekte til seg rike turistar og kunstnarar. Åkrafjorden var veglaus  og dermed var den fantastiske Langfoss truleg løyndomen til folka på gardane langs fjorden som først fekk vegutløysing under andre verdskrigen.

Etter andre verdskrigen skulle Europa dei neste tiåra reisast att, og aristokratia var blitt fjerna eller kraftig reduserte. Dermed vart det heller ikkje noko grunnlag for mytifisering og romantisering då kjennskapen om den vakre fossen over tid vart gjort kjent blant vanlege folk og turistar som umogleg kunne unngå å sjå kor vakker fossen var.