Terje Kleiven er gjest i Grannar-podden. 
Foto: Grethe Hopland Ravn
Terje Kleiven er gjest i Grannar-podden. Foto: Grethe Hopland Ravn

Dei gode samtalane er det beste

Gjesten i Grannar-podden denne veka er mannen med alle hattane; Terje Kleiven. Legen, bonden, restauranteigaren, musikaren, eks-politikaren og investoren snakkar om livet, gjerninga og korleis livet har vore fullt av tilfeldigheiter og spennande val.

Frå ein trygg oppvekst i Øvre Årdal til eit liv som lege og entreprenør i Vindafjord, har han via livet sitt til pasientar, familie og lokal utvikling. Som gjest i Grannar-podden fortel han om oppveksten, vegen til medisinstudia, livet som fastlege, og satsinga han gjorde på både gardsdrift og restaurantverksemd. Oppveksten var trygg og god, og han vaks opp med ei yngre søster, ei heimeverande mor og ein utearbeidande far.

— Eg var ein beskjeden gut som treivst veldig godt på skulen og på fritidsaktivitetane eg gjekk på, og eg hadde mange venner som eg gjekk på skulen med i tolv år, seier han.

At det var lege han skulle bli, var litt tilfeldig. Han søkte på både geologi, medisin og på handelshøgskulen i Bergen, og at han takka ja til tilbodet om legestudiet, var rett og slett fordi han kom inn der først. Dagen etter at han svara ja til medisinstudiet, kom det svarbrev om at han også var komen inn på handelshøgskulen.

— Hadde brevet frå handelshøgskulen kome først, kunne det like gjerne vore den vegen eg gjekk, seier han.

Relasjon til lokalsamfunnet

Etter nokre år som medisinstudent i Bergen, måtte han fullføra dei kliniske studia i Trondheim. Her trefte han Anne, ei strålande dame, ifølgje Kleiven sjølv, og i 1994 flytta paret til Skjold for å etablera seg der. For Kleiven har det vore viktig å kunna bruka heile breidda av utdanninga si, noko som har ført han til allmennmedisinen, eit felt han alltid har trivst svært godt i. Han fortel om gleda ved å følgja pasientar gjennom livets utfordringar, og korleis yrket har vore både utviklande og givande. Som fastlege og kommuneoverlege i Vindafjord har han følgt fleire generasjonar i same familiar, noko som har gitt han ein nær relasjon til lokalsamfunnet.

— I nokre familiar er eg på fjerde generasjon no, seier han.

Sjølv om legeyrket har utvikla seg mykje dei siste 30 åra, med stadig nye krav og moglegheiter innan medisinsk behandling, har Kleiven framleis stor kjærleik for jobben sin. Han peikar på at det norske helsevesenet står overfor utfordringar, spesielt knytt til rekruttering av fastlegar, men han har tru på at fastlegeordninga vil bestå, og at det framleis er ein viktig berebjelke i systemet.

Blei bønder

I tillegg til legestillinga si, har Terje og Anne òg kasta seg ut i gardsdrift. Etter å ha kjøpt garden Langelandsvik, satsa dei på kasjmirgeiter, eit unikt val blant bønder i området. Ved sidan av gardsdrifta har dei òg etablert ein pop-up-restaurant nær fjorden, der dei serverer kjøtt frå eigne geiter og andre lokale råvarer. Restauranten har blitt svært populær og trekk til seg matentusiastar frå fjern og nær. Kleiven fortel med entusiasme om korleis dei har rekruttert dyktige kokkar til å laga unike matopplevingar for gjestene. Sjølv om livet har tatt ekteparet gjennom mange ulike utfordringar og moglegheiter, har dei alltid funne glede i å bidra til lokalsamfunnet. Kleiven reflekterer over kor viktig det er å gi noko tilbake til bygda, og at det å jobba tett på menneske gir ei heilt spesiell meining. I tillegg til legearbeidet har han òg vore engasjert i politikken i Vindafjord og har vore ein viktig aktør i lokal utvikling.

Då pandemien slo ned, fekk Kleiven som kommuneoverlege ei sentral rolle i å handtera smittesituasjonen i Vindafjord. Han fortel at det var travle tider med lange arbeidsdagar, men at det òg var lærerikt og utfordrande. Med god støtte frå kollegaer og eit velfungerande smittevernteam, klarte Vindafjord seg godt gjennom pandemien.

— Me var vel einaste kommunen i Rogaland som hadde full legedekning, seier han, og legg til at han har stor tru på at fastlegeordninga vil overleva, men han understrekar viktigheita av å rekruttera fleire unge legar til yrket. Han fortel at i Vindafjord tilbyr dei rettleiing og gode vilkår for nyutdanna legar, noko som har hjelpt dei med å tiltrekka seg unge talent.

Høyr alle epsiodane av Grannar-podden her: Grannar-podden