Populære bryllaupsdamer i Geiranger: — Me har snakka 16 forskjellige mediehus
Elisabeth Kallevik Nesheim frå Vats og Inger Lise Kolstø frå Karmøy var blant dei mange entusiastane som hadde tatt turen til Geiranger for å få med seg prinsessebryllaupet i helga, og det var det mange som fekk med seg.
Dei to entusiastiske venninnene frå Vats og Karmøy var sjølvsagt på plass i Geiranger i helga, for å vera vitne til eit av årets største kongelege arrangement i Noreg, då Prinsesse Märtha Louise gifta seg med Durek Verret. Bryllaupet tiltrekte seg merksemd frå både inn- og utland, med eit massivt oppbod av journalistar og pressefolk. Ifølgje TV2 var blant anna Sunnmørsposten sterkt til stades, med heile 25 journalistar som dekte bryllaupet. Kallevik Nesheim og Kolstø blei òg lagt merke til av fleire andre mediehus. I løpet av dagen hadde dei kontakt med heile 16 forskjellige medieaktørar, og blei til og med intervjua av Netflix, som er i ferd med å lage ein dokumentarserie om bryllaupet. Etter intervjuet måtte dei signera ein kontrakt som tillét Netflix å bruka intervjuet fritt i serien.
— Det var ei utruleg oppleving, fortel Kallevik Nesheim.
Stor dag for kongeentusiastar