Karsten Lunde.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Karsten Lunde. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Bygdefolket sine pengar

Det er mange sonderingar om gåva til Skakke. Nokon semje som me veit om, finst ikkje. Slik me ser det, må dette flotte huset takast godt vare på. For å bli kvitt gjelda, foreslår me at Sparebankstiftinga Etne betalar 30 millionar til Skakke SA utan nokon vilkår. Eigenleg er det bygdefolket sine pengar. Etne kommune betalar då dei resterande 4 millionane. Då er huset gjeldfritt.

Vedtektene for sparebankstiftinga seier at ei gåve må støtta ålmennyttige formål. Ei gåve til Skakke må vel i høgaste grad vere ålmennyttig. Ein annan ting er å driva det etterpå. Dette er jo bygdefolket sitt hus, så då gjeld det at dei brukar det mest mogleg. Elles kan me støtta det ved å bli med i «Venner av Skakke» og overføra eit fast beløp i månaden.

Då skulle drifta vera sikra. Eg veit at dette provoserer ein del personar, men kva er alternativet? Det er òg ein del som meiner at dette er kommunen si sak. Men kven er kommunen? Er det ikkje oss som bur her? Ofte er det slik at det me vil ha, må me betala for. Eg håpar då at det er mogleg å driva Skakke på ein forsvarleg måte.

Karsten Lunde

Etne