Uttale til spørsmål om omdanning av Skakke SA til AS:
Det er blitt hevda frå Sparebankstiftinga at vedtektene deira gjer det umogleg å gje den skisserte gåva på 30 millionar kroner til eit lag med sterk kommunal deltaking. Me viser til den grundige utgreiinga Etne kommune har fått utarbeidd, og at dette truleg ikkje er tilfelle. Etne Musikklag støttar opp om at «gåva» utan tvil er å sjå på som eit oppkjøp, der kjøpar dikterer pris og vilkår. Og i tillegg vil dei gi vekk ein stor del av eigarskapet til det som truleg blir eit utanforståande lag, for å hindre at kommunen får noko påverknad på styringa av Skakke.
Etne Musikklag vil som utgangspunkt gå imot omdanning av Skakke SA til AS. For å halda ei stabil drift framover meiner me at det er heilt avgjerande at Etne kommune er med vidare, og at me og dei andre medlemslaga kan støtta opp om drifta så godt me kan. Me har sett at andre lag har meldt seg ut gjennom åra, for ein stor del fordi dei har problem med å stilla til oppgåver på huset i tillegg til det dei eigentleg skal driva med og hus dei har utanom. Dette vil truleg ikkje bli lettare i åra som kjem. Men er det nye lag og organisasjonar, som t.d. Karateklubben og Sparebankstiftinga Etne, som ynskjer å bli medlemmer, så ser me ingen problem med det. Jo breiare selskapet famnar, jo betre for storstova i bygda. Deltakarane på årsmøtet i Etne Musikklag er einige om at å gå dugnad på huset sjølv om kommunen er sterkt inne er heilt greitt. Kommunen er oss alle, vart det sagt.
Skulle det verta omdanning av Skakke SA til til Skakke AS så er det eit heilt klart standpunkt i Etne Musikklag at kommunen minst må få dei siste 11 prosenta i tillegg til dei om lag sju prosentane Sparebankstiftinga vil la dei behalda i sin skisse. Etne Kommune må framleis ha ein klar posisjon i Skakke, slik at frivillige lag og organisasjonar kan driva med det dei skal, til glede for idretts- og kulturlivet i bygda. Det må vera forutsigbart kva vilkår både kommune og andre brukarar på huset skal ha framover, slik at dette ikkje blir ein årleg gjengangar i kommunale budsjett. Dette gagnar ikkje innbyggjarane i Etne kommune og ålmenta. Me kan heller ikkje gå inn i ein situasjon der ein står åleine om 3-5 år når Sparebankstiftinga trekkjer seg ut, utan finansielle musklar og i beste fall med lag og organisasjonar som vil drive med heilt andre ting enn å ha ansvaret for eit aksjeselskap.
I informasjonsmøtet med Sparebankstiftinga tidlegare i år vart det sagt at det var bra med ein god og open diskusjon om dette. Som enkeltpersonar og lag kjenner me oss likevel ikkje heilt trygge på dette, slik denne prosessen har blitt. Sjølv om Sparebankstiftinga skal vera noko som høyrer oss alle til her i bygda, så er me redde dei kan slenge døra igjen når me har motførestillingar. Reaksjonar og kommentarar me får på bygda viser likevel at me ikkje er åleine om våre tankar, og at me må ta den støyten. Me syns det er heilt fantastisk at me har fått ei slik stifting i bygda. Med klokskap kan dei som styrer verkeleg gjera ein skilnad og løfta fram store og mindre prosjekt som hadde vore vanskeleg å løysa utan, og med dette hjelpa kultur- og Men dei som skal forvalta denne rikdomen må også vera sitt ansvar svært bevisst, og gjerne med jamne mellomrom repetere sine etiske retningsliner. Me håpar framleis at ein kan landa ein god og samlande avtale her. Då vert neste skritt å gjera drifta av Skakke levedyktig utan ein stor gjeldspost.
For årsmøtet i Etne Musikklag
Odd Steinar Kvinnesland, leiar