Skakkesenteret er blitt bygdas stoltheit og eit midtpunkt for sunn aktivitet både fysisk og kulturelt. At bygget vart utvida og står der er takka vera kommunen si rolle som bidragsytar og støttespelar. Kommunen eig allereie store deler av bygget, og er avhengig av at det er ope for skule, kulturskule og bibliotek, og kommunen er avhengig av idrettshallen, som dei leiger av Skakke SA. At dei ynskjer å ha eit ord med i eit framtidig Skakke AS er ikkje så vanskeleg å forstå. At Skakkesenteret nå er i ein slik økonomisk situasjon, er ikkje på grunn av kommunen.
Me i Etne Musikklag ser det ikkje som ein fordel å redusera kommunen sin eigardel på senteret. Sparebankstiftinga vil nå gje ei gåve til Skakkesenteret på 30 millionar kroner som vert øyremerka sletting av gjeld, og som alle i bygda set stor pris på. Men at ein då set som vilkår å setja kommunen på sidelinja er nok ikkje like godt motteke av alle. Me i Musikklaget håpar at ein kan verta einige på dette punktet, og at kommunen i alle fall får dei 11 prosent tiltenkt ein ny aktør (Karateklubben) i tilegg til dei 7 prosent som er satt fram i forslaget til Sparebankstiftinga. Slik vil kommunen då stå att med 18 prosent, kanskje det er nok til at kommunen er interessert i å vera med vidare? For kva skjer om drifta er eit problem også i framtida?
Me som lag har ikkje musklar til å bidra økonomisk. Den høge gjelda har vore ei tung bør å bera for Skakkesenteret og for alle som har glede av senteret. Også for kommunen, som er heile bygda, så det er viktig at løysinga er slik at alle føler seg ivaretatt i prosessen til A/S . Slik kommunedirektøren nå går inn for, meiner han kommunen like godt kan trekkje seg heilt ut og heller gje sin tiltenkte del til Idrettslaget. Det ynskjer ikkje me i Musikklaget skal bli utfallet av denne prosessen, som nå er i ferd med å splitte bygda og organisasjonane som er involverte i Skakke. Bygda Etne er heldig stillt som har mange gode støttespelerar som støttar bygda sine aktiviteter, og me sender ei stor takk til kvar og ein av dei .
For styret i Etne Musikklag
Odd Steinar Kvinnesland, leiar