Sør-Vest politidistrikt melder måndag ettermiddag om eit trafikkuhell på fylkesveg 46 Saudavegen, litt nord for Ilsvåg.
Ein trailer lasta med betongelement har køyrt av vegen og velta over på sida.
Sjåfør lettare skadd
— Føraren kom seg ut av kjøretøyet utan alvorlege skadar og er oppegåande, skriv Sør-Vest politidistrikt i Politiloggen.
Grannar får opplyst på staden at sjåføren blei frakta til Haugesund sjukehus for sjekk, og at det skal vere snakk om lettare skadar.
Opna for fri ferdsel
Politiet fekk melding om hendinga kl 12.32. Vegen var stengt i fleire timar etter hendinga, men like før klokka 20 måndag kveld melde Vegtrafikksentralen at vegen var opna for fri ferdsel.
Glad det gjekk bra
Det var ein bil frå Ølen betong som forulykka, men dagleg leiar i bedrifta, Lars Arvid Norekvål kan bekrefta at det har gått bra med sjåføren og at skadane det er snakk om, berre er materielle skadar.
— Me har gode interne rutinar når det kjem til oppfølging, og nå er det viktig å få klarlagt ei oversikt på kva som har skjedd. Me er veldig takknemlege for at det gjekk bra med sjøføren, seier Norekvål til Grannar.
Bilen var på veg frå Ølen Betong sin elementfabrikk i Sandeid til Rogfast-anlegget med tunell-element.
Etterforskar vidare
Klokka 11.30 onsdag fortel seksjonsleiar Kari Rørtveit ved Etne- og Vindafjord politistasjon at saka framleis er under etterforsking. Det er fleire etterforskingsgjeremål som står att før politiet vil konkludere med kva som har skjedd.
— Me skal avhøyre fleire vitne og gjere fleire undersøkjingsskritt, seier Rørtveit.
Ho veit ikkje om mannen er skrive ut av sjukehus, men fortel at han førebels ikkje har blitt avhøyrt, noko han vil bli seinare.
Bilen har treft ein lyktestolpe. Sjåføren skal ha kome frå ulykka med lettare skadar.
FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN