Tines tilråding betyr at mjølkeproduserande bønder kan få disponere kvotar som er opp mot 17 prosent høgare enn grunnkvotane, skriv Nationen.
Som grunngiving for tilrådinga viser Tine, som er marknadsregulator, til aukande etterspurnad.
Meierikonsernet, som er eigd av bøndene sjølve, viser til at produksjonen av kumjølk er venta å bli på 1.461 millionar liter mjølk i 2024, 70 millionar liter meir enn i 2023.
I 2015 ventar Tine at etterspurnaden inkludert lageroppbygging vil bli på 1.510 millionar liter mjølk.
Mjølkekvotane for 2025 blir vedtekne på eit møte mellom landbruksdepartementet og bondeorganisasjonane i slutten av november.
(©NPK)