Grannar sin distributør Posten melder at dei diverre ikkje vil få levert papiravis til abonnentar i Sandeid/Vikedal-området torsdag. Avisa vil bli levert fredag. Det same skjedde sist veke, og Grannar beklagar dette sterkt overfor våre abonnentar. Posten opplyser at dei planlegg for å levere avisa på rett dag neste veke.
Grannar ber elles alle andre som opplever å ikkje få levert avis om å gi beskjed via denne lenka: UTEBLITT AVIS
Abonnentar kan lese papiravisa som e-avis ved å følgje denne lenka: https://grannar.no/abonnement/e-avis/