Det er ein klar nedgang frå åra før, men likevel historisk høgt, opplyser Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).
– Vi ser ein nedgang i år og forventar endå færre neste år. Likevel er nivået framleis historisk høgt. Noreg har aldri tidlegare busett så mange flyktningar i løpet av nokre få år, seier direktør Libe Rieber-Mohn i Imdi.
Så langt i år er talet litt under 23.000. Dei aller fleste er frå Ukraina.
Færre ukrainarar kjem til Noreg
– Det har vore gjort ein ekstraordinær innsats over heile landet for å busetje flyktningar dei siste åra. Vi er avhengige av at kommunane held fram med å stille opp også neste år. Talet som blir busett i kommunane, må likevel vere berekraftig over tid. Derfor har regjeringa sett i verk fleire innstrammingstiltak. Det bidreg til at talet som skal busetjast neste år, går ned, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).
Innkomstane er betrakteleg reduserte, ifølgje Brenna.
– Om lag 60 prosent færre ukrainarar kjem til Noreg no samanlikna med i same periode i fjor. Det ser ut til at innstrammingane regjeringa har sett i verk, har bidrege til lågare innkomstar, seier ho til NTB.
Fleire einslege mindreårige flyktningar
Rieber-Mohn rosar innsatsen i kommunane.
– Samtidig må vi erkjenne at den rekordhøge busetjinga har medført ulik grad av press på kommunale tenester som bustad, helse, skule og barnehage, seier ho.
Medan det samla talet flyktningar går ned, er det forventa ein 20 prosents auke i busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Dette er barn og ungdommar som kjem hit utan foreldre eller andre omsorgspersonar. Denne gruppa er prioritert i busetjingsarbeidet.
– Derfor ber vi ei rekke kommunar om å ta imot barn og unge, som er i ein spesielt sårbar situasjon, seier Rieber-Mohn.
Det er forventa at rundt 750 einslege mindreårige må busetjast i 2025.
(©NPK)