Frå ulykkesstaden. FOTO: JOSTEIN VIESTAD/PRESS PHOTOGRAPHY
Frå ulykkesstaden. FOTO: JOSTEIN VIESTAD/PRESS PHOTOGRAPHY

Samanstøyt mellom lastebil og bubil på E134

Klokka 09.44 torsdag opplyser politiet i Sør-Vest at dei har fått melding om eit samanstøyt mellom ein bubil og ein lastebil på E134 ved Knapphus. Naudetatane er på veg.

Klokka 09.52 opplyser politiet at dei første meldingane frå staden tilseier at det ikkje er snakk om alvorleg personskade. Bilar kan passere, men det er noko redusert framkomst.

10.18 skriv politiet at politipatruljen melder om at trafikken flyt greitt. Dei prøver å fjerne bubilen som sperrar det eine feltet. Bubilen har køyrt inn i bakparten på lastebilen. Føraren av bubilen er køyrd til legekontor for sjekk.

10.50 har politiet avslutta på staden. Dei opprettar sak på hendinga.

På staden fortalde politibetjent Christer Eriksen om kva som hadde skjedd:

— Ein lastebil kom køyrande mot Knapphus og møtte eit anna breitt køyretøy. Lastebilen måtte då bremse opp. Køyretøyet som kom bak, klarte ikkje å bremse i tide og køyrde inn i bakenden på lastebilen, sa Eriksen.

Politibetjent Christer Eriksen på staden. FOTO: JOSTEIN VIESTAD/PRESS PHOTOGRAPHY