Sigve Sørheim meiner Etne kommune bør vere ein stor eigar i eit nytt driftsselskap for kultur- og idretssenteret Skakke.FOTO: KARL THEODOR ENGESUND/ARKIV
Sigve Sørheim meiner Etne kommune bør vere ein stor eigar i eit nytt driftsselskap for kultur- og idretssenteret Skakke.

Debatt

Skakke, Etne Kommune og Sparebankstiftinga

Nokre tidlegare styreleiarar i Skakke oppsummerer historien og årsaka til den vanskelege økonomiske situasjonen for Skakke SA frå 2012 og fram til i dag, slik dei opplevde den. Som tidlegare politikar/ordførar og styreleiar for Etne Idrettslag ynskjer eg å dele mine tankar rundt dette.

Det blir mykje kritikk mot Etne kommune (EK). Det går på at EK betalt for lite i leiga, eller for å sei det på ein annan måte, bidratt for lite økonomisk. Så er det som dei skriv, at utfordringane blei større når Hordaland Fylkeskommune (HFK) trekte seg ut. Eg veit at Etne Kommune har bidratt mykje meir enn det som ligg i avtalane. EK opplyser at dei har bidratt med cirka 1 mill. i året. Eg sat i styret i Skakke då HFK trekte seg ut, då som representant for Etne IL.

Det er sant at det var eit fleirtal i styret som ynskja at Skakke skulle kjøpa skuleseksjonen, men det var og eit mindretal som eg var ein del av, som meinte at Etne kommune burde overta lokala med tanke på at dei kunne nyttast av Enge Skule. Slik blei det, EK fekk overta lokala til veldig gunstig pris, 3-4 mill. Prisen på skuleseksjonen då den blei bygd var 33 mill. Det blei ei kjempegod løysing for Enge Skule og EK.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS