Knivprat, kaffikos og småskrøner
Ein gong i månaden møtest ein gjeng knivinteresserte karar i Vindafjord Knivklubb i smia til Knut Arne Skjervheim i Vats for å prata kniv, drikka kaffi og dra ei skrøne eller to.
Det er onsdag kveld og tid for den faste samlinga til medlemmene i Vindafjord Knivklubb. Knivmakar og tidlegare bonde Knut Arne Skjervheim har som vanleg opna dørene til den kombinerte verkstaden, smia og stova heime på garden i Vats der klubben har sin faste møteplass, og snart strøymer det på med pratesjuke og kaffitørste karar frå Haugesund, Suldal, Skjoldastraumen, Etne og Vats. Somme har tatt med seg eit lite utval av sine handlaga knivar og eit par knivar dei har under produksjon, medan andre har lagt arbeidet heime og møtt opp for å slå av ein prat og kosa seg i godt lag. Latteren set laust og praten går svært livleg når karane møtest. Denne kvelden er ikkje noko unntak.
— Me drikk kaffi, et vaflar, snakkar skit og skrønar, seier kniventusiastane og ler godt.
— Og så diskuterer me arbeidet, legg dei til.