Ei fersk undersøking viser at 66 prosent av nordmenn irriterer seg over mobilbruk ved sosiale samankomstar, ifølgje Telenor.
– Det er viktig å hugse på kva signal du sender til dei andre i selskapet når du sit på telefonen. Sjølv om det er ein viktig beskjed du må svare på, kan dei rundt deg føle seg oversett eller gløymde, trass i at du ikkje meiner det slik, seier Rikke Klonteig Nielsen, leiar for Mobil i privatmarknaden i Telenor Norge, i ei pressemelding.
Undersøkinga, som er gjennomført av YouGov på vegner av Telenor, viser at det er kvinner og eldre som irriterer seg mest over mobilbruk.
70 prosent av kvinnene oppgir at dei blir irriterte, mot 62 prosent av mennene. For dei over 60 år ligg talet på 71 prosent.
Sjølv om 67 prosent av dei yngre (18-29 år) seier seg einige med dei eldre i at mobilbruk under sosiale samankomstar irriterer, innrømmer nesten halvparten, 45 prosent, at dei ofte bruker mobilen når dei er saman med andre. For dei over 60 år er det berre 10 prosent som svarar det same.
Undersøkinga viser at denne irritasjonen er eit utbreidd fenomen. 78 prosent seier dei ofte opplever at andre bruker mobilen, medan 26 prosent samstundes innrømmer at dei gjer det sjølve.
– Dette kan tyde på at mobilbruk i sosiale samanhengar er noko mange legg merke til hos andre, samstundes som dei er mindre tilbøyelege til å sjå at dei gjer det same sjølve, avsluttar Klonteig Nielsen.
(©NPK)