Klokka 18.19 laurdag kveld fekk politiet melding om at ein person er skadd etter ei valshending i Ølen.
— Personen blir tatt i vare av ambulansepersonell, opplyser operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt John Laurits Ask.
Det er førebels uklart kva som har skjedd på staden, men politiet har kontroll på mogleg gjerningsperson.
Like før klokka 19.30 observerte Grannar sin journalist på staden tre politibilar og ein ambulanse på staden.
— Politiet held no på med søk med hund utanfor den aktuelle bygningen, og det er også politi inne i bygningen, opplyser journalist Renate Sævareid frå staden klokka 19.36.
Klokka 20.00 melder politiet at den skadde har stikkskadar i overkroppen.
— Personen er frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus, opplyser operasjonsleiar John Laurits Ask.
Den skadde blei først frakta i ambulanse til Knapphus, kor han blei henta av luftambulanse for vidare transport til Haukeland universitetssjukehus.
— Gjennomfører avhøyr
Klokka 20.12 var politiet framleis på staden.
— Patruljene gjennomfører avhøyr av folk som kan ha vore i området kor hendinga skjedde, opplyser Ask.
Antatt åstad er sperra av.
— Etter kvart vil det bli gjennomført åstadsundersøking, skriv Ask i ei melding i politloggen.
To menn involvert
Innsatsleiar Ole Berner Iversen i Sør-Vest politidistrikt opplyste til Grannar like før klokka 20.30 at det er to menn som er involvert i hendinga, og at det er snakk om knivstikking.
Hendinga skal ha skjedd innandørs.
— Den skadde har skadar i bryst- og halsregionen, opplyser han til Grannar.
Skadetilstanden til den knivstukne ønskja politiet ikkje å opplyse noko om ved 20.30-tida.
Åstaden er i Ølen sentrum, og er ei bygning som vanlegvis huser både utanlandske arbeidarar og flyktningar.