Undersøkingsgruppa har konkludert i saka om anonyme varsel som mellom anna var retta mot kommunedirektør Filippo Ballarin. Dei finn ikkje grunnlag for påstandane som blir framsett av brannmannskap. 
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN/GRETHE HOPLAND RAVN
Undersøkingsgruppa har konkludert i saka om anonyme varsel som mellom anna var retta mot kommunedirektør Filippo Ballarin. Dei finn ikkje grunnlag for påstandane som blir framsett av brannmannskap. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN/GRETHE HOPLAND RAVN

Sauda-samarbeid får motstand

Tysdag skal forslaget om ein tenestekjøpsavtale mellom Etne kommune og Sauda kommune opp i formannskapet. Men forslaget får motstand frå brannmannskap.

I kommunedirektør Filippo Ballarin sitt forslag til vedtak for formannskapet, tilrår han at Etne kommune inngår ein seks månadar lang tenestekjøpsavtale med Sauda kommune, men at Etne likevel består som sjølvstendig brannvesen. Han listar opp tre punkt som skal inn i avtalen:

• Punkt ein seier at Etne kommune inngår ein seks månadars tenestekjøpsavtale for kjøp av tenester innan brann- og redningstenesta, inkludert leiar brann og redningstenesta, leiar beredskap og overordna vakt. Sauda kommune stiller og øvingslokale og instruktør til disposisjon om det skulle være nødvendig.

• I punkt to står det at kommunedirektøren får fullmakt til å ferdigstilla og signera avtalen med Sauda kommune, basert på dei prinsippa som er lagt fram i saka og i det vedlagde avtaleutkastet.

• I punkt tre får kommunedirektøren fullmakt til å arbeida vidare med ei langsiktig løysing for brann- og redningstenesta, inkludert eventuell dialog med Haugesund og Kvinnherad kommune for å utforska framtidig samarbeid.

Pluss 10 prosent til Sauda

I utkastet er det teikna opp ein avtale som legg opp til at Sauda kommune skal levera visse tenester til Etne kommune for å styrka brannberedskapen og administrasjonen i Etne. Tenestene som Sauda skal levera, inkluderer ansvar for brann- og redningssjef, leiing av beredskapen, og organisering av kurs og øvingar for brannmannskap i Etne.

Sauda skal også tilby overordna vakt og stilla med øvingsområde og instruktør for røykdykkartrening. Etne kommune har framleis arbeidsgjevaransvaret for sitt brannpersonell, eig brannstasjonane og alt materiell, og har ansvaret for vedlikehald og driftskostnader knytt til dette. I avtalen er det også presisert at Etne gir nokre administrative fullmakter til kommunedirektøren i Sauda, men viktige og prinsipielle saker blir framleis behandla av Etne kommune.

Det som er verd å merka seg frå utkastet er at Etne kommune må betala eit beløp som svarar til faktisk kostnadar – pluss 10 prosent, for dei tenestene som Sauda leverer. Partane kan bli einige om å forlenga avtalen med eitt år om gongen, og det mogleg å reforhandle avtalen, eller seie han opp, med seks månaders varsel.

Signert 17 konstablar

I eit brev som 1. desember er signert 17 brannkonstablar i EBR, uttrykker dei sterk skepsis til kommunedirektørens forslag om at Sauda brannvesen skal ta over funksjonen som overordna vakt for Etne. I brevet argumenterer dei for at eit slikt samarbeid ikkje berre kan svekka den lokale beredskapen, men også føra til tap av viktige ressursar og kompetanse som kommunen har bygd opp over tid. Konstablane understrekar kor kritisk viktig det er å ha overordna vakt med lokal tilknyting, spesielt i ei kommune med eit utfordrande geografisk område som Etne.

Dei peikar på at lokalkunnskap, nærleik og kjennskap til mannskapet er avgjerande for å kunne ta taktiske og strategiske avgjerder i kritiske situasjonar. Sauda brannvesen, som ligg på andre sida av fjellet, manglar den lokale forankringa og konstablane meiner dei vil ha store utfordringar med å oppfylla dei krava som situasjonane i Etne kan krevja. Dei viser til DSB si funksjonsbeskriving av overordna vakt, som understrekar behovet for personell med spesifikk kompetanse og kjennskap til det lokale området.

I brevet trekker konstablane fram lærdom frå alvorlege hendingar som brannen i Gudvangatunnelen, der manglande koordinering og overordna vakt førte til kritiske utfordringar. Dei åtvarar mot at Etne kan oppleva liknande problem dersom dei gir frå seg overordna vakt til ein nabo som ikkje er lokalt til stades og tilgjengeleg i krisesituasjonar.

Ikkje ei hastesak

Vidare meiner konstablane at det ikkje er grunnlag for å hasta fram ei avgjerd om å inngå eit samarbeid med Sauda. Dei peikar på at DSB sin tilsynsrapport ikkje krev strakstiltak, og meiner kommunen bør utføra grundige konsekvensanalysar før dei vurderer endringar i den noverande organiseringa. Dei hevdar også at kommunen bør undersøka alternative samarbeidspartnarar som kan tilby meir tilpassa løysingar, framfor å velja ei ordning som risikerer å bli permanent, sjølv om ho i utgangspunktet blir framstilt som mellombels.

Konstablane legg ikkje skjul på at den noverande situasjonen med lokal brannadministrasjon er utfordrande, men dei peikar på at dette kan løysast på sikt gjennom rekruttering av både interne og eksterne kandidatar til stillingane. Konstablane understrekar kor viktig det er å bevara attraktive arbeidsplassar i Etne og utvikla kompetanse lokalt, framfor å gi slike nøkkelfunksjonar til nabokommunen.

Brevet avsluttar med ei oppmoding til politikarane om å tenka nøye gjennom kva konsekvensar ei slik omorganisering vil ha for beredskapen i Etne. Dei ber om at det blir sett av meir tid til å diskutere saka, slik at kommunen ikkje risikerer å svekka tryggleiken til innbyggjarane ved å ta forhasta avgjersler.