141 tilsette har søkt om sluttpakke i NRK. Hittil har 84 av dei fått innvilga søknaden og sluttar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
141 tilsette har søkt om sluttpakke i NRK. Hittil har 84 av dei fått innvilga søknaden og sluttar.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Sjå fleire bilete
141 tilsette har søkt om sluttpakke i NRK. Hittil har 84 av dei fått innvilga søknaden og sluttar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK 141 tilsette har søkt om sluttpakke i NRK. Hittil har 84 av dei fått innvilga søknaden og sluttar. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK Sjå fleire bilete

84 har fått innvilga sluttpakke i NRK

141 personar har søkt om sluttpakke i NRK, og 84 av dei har fått innvilga søknaden og sluttar. 15 søknader er framleis til behandling.

Det stadfestar organisasjonsdirektør Olav Hypher til Kampanje.

NRK må kutte 200 millionar kroner i 2025.

– NRK har også innført tilsetjingsstopp, og vi lèt vere å erstatte medarbeidarar som sluttar eller pensjonerer seg, seier Hypher.

Klubbleiar for NJ i NRK, Anne Berit Larsen, er glad for at dei unngår ei styrt nedbemanning.

– Vi er svært glade for å ha komme i mål med frivilligheit, sjølv om det er ein litt vemodig dag med blanda kjensler, seier ho.

(©NPK)