Fire nordmenn mista livet i det som skal ha vore eit stort snøras i dei franske Alpane onsdag. Det stadfestar franske myndigheiter i ei pressemelding onsdag kveld. Det norske utanriksdepartementet har stadfesta opplysningane overfor VG torsdag morgon.
— Dei pårørande er varsla, seier pressevakt i UD, Cecilie Roang, til VG.
Grannar har torsdag morgon fått stadfesta at ein av dei omkomne har pårørande i Vindafjord kommune.
Stort snøras
Ifølgje VG gjekk skredet klokka 16.20, ved skistaden Val-Cenis, som ligg i det søraustlege Savoie i Frankrike, rundt to timars køyring vest for Torino i Italia og to timars køyring aust for Grenoble i Frankrike. VG siterer nettstaden Savoie News, som opplyser at det skal ha vore ein hytteeigar i området som varsla lokale myndigheiter om skredet, og det blei sett i verk ein omfattande redningsaksjon. Ordførar Jacques Arnoux omtalar skredet som «veldig stort».
Raset gjekk i Savoie-området i dei franske Alpane.
Dei fire omkomne skal ha vore ein del av ei gruppe på til saman 10 nordmenn som var saman på tur. Sju av desse blei tatt av skredet. Tre omkom i skredet, medan ein fjerde person vart sendt til sjukehus med alvorlege skadar, men livet stod ikkje til å redde, ifølgje nyhendebyrået AFP.
Ifølgje NRK har Trøndelag politidistrikt bistått i varsling av pårørande til éin av dei andre tre omkomne.
Kripos har i ei pressemelding torsdag formiddag opplyst i kva politidistrikt dei fire omkomne er tilhøyrande:
Éin av dei var tilhøyrande Sør-Vest politidistrikt. Det er denne personen Grannar har fått opplyst har pårørande i Vindafjord kommune.
Éin av dei omkomne er ein mann i 30-årene. Han har adresse i Tromsø, men pårørande i Trøndelag, skriver Adressa.
Éin av de omkomne er tilhøyrande Sør-Øst politidistrikt.
Én av dei omkomne er tilhørende Oslo politidistrikt.
Ski- og skredkurs
Dei omkomne var i følgje VG tilknytt halvårskurset Ski og skred ved Alta folkehøgskole. Kurset skal gi erfaring med å være på ski i skredterreng i Alpene, Canada og Nord-Norge.
Rektor Andreas Granerud ved Alta folkehøgskole stadfestar til Altaposten at turfølgjet kom frå skulen.
– Tankane våre går no til dei pårørande. Dette er ei djupt tragisk hending, seier Granerud til avisa.
Skulen er tilbakehalden med informasjon og viser til UD og politiet. I dag tidleg vart tilsette og elevar informerte om ulykka og at skulen var ramma.
– Vi er ein skule i djup sorg og har no fokus på å ta vare på elevar og alle tilsette som no har ei svært tung tid, seier Granerud.