Det blir tilrådd vaksinering i dei mest utsette områda av landet, skriv Nationen.
Blåtunge er ein virussjukdom som rammer drøvtyggarar og hjortedyr, og blir spreidd gjennom sviknott, eit blodsugande insekt. I 2024 vart det påvist blåtunge i 110 besetningar, med siste tilfelle registrert 20. november. Sjukdommen er oppdaga hos storfe og sau langs kysten frå Østfold til Rogaland.
Veterinærinstituttet opplyser at sjukdommen kan føre til høg døying hos sau, opp mot 30 prosent, og redusert mjølkeproduksjon. Sjukdommen smittar ikkje direkte mellom dyr, men kan overførast frå mor til foster eller via sæd.
Animalia åtvarar om at situasjonen kan bli verre det andre året med utbrot, som ein har sett i andre land. Vaksinasjon er frivillig, men Animalia tilrår å vaksinere dyr i dei mest utsette områda før beitesesongen. Det er også innført krav om prøvetaking ved flytting av avlsdyr, men testing av kalvar og ikkje-drektige storfe er ikkje lenger påkravd.
(©NPK)