Raset gjekk i dette området, nær skistedet Val-Cenis i de franske Alpene, like ved grensa til Italia.
FOTO: NTB/MARINE LESPRIT/AFP
Raset gjekk i dette området, nær skistedet Val-Cenis i de franske Alpene, like ved grensa til Italia. FOTO: NTB/MARINE LESPRIT/AFP

Bjarte (29) frå Vindafjord mista livet i Alpane

Namna på dei fire som omkom i rasulykka i Alpane onsdag er offentleggjort.

Det var tre menn og ei kvinne som omkom i skredulykken ved skistaden Val-Cenis i Frankrike onsdag.

Kripos har i samråd med pårørande frigjort namna.

Les alt om ulykka her: Rasulykka i Frankrike

Dei fire er:

Bjarte Selsaas (29) frå Vindafjord.

Jon Håvard Hagerup Appelkvist (31) frå Stjørdal.

Ingrid Velken Kverneland (32) frå Færder.

Emil Tobias Langhus Bye (22) frå Oslo.

Var på kurs

Dei fire var ein del av kurset Ski- og skredkurs i regi av Alta folkehøgskule. Til samen sju personar blei tatt av raset. Tre kvinner overlevde. Dei skal ifølgje VG umiddelbart ha gått i gang med å prøve å redde vennene sine.

– Dei har peileutstyr og finn raskt to av sine vener. Dei deler seg opp i to, og grev sjølv opp dei to vennne de har funnet. Men dei er dessverre døde, fortel den norske sjømannspresten i Frankrike, Henning Vik, til VG.

Ifølge pressemeldinga frå Kripos skal dei pårørande besøke ulykkesstaden i dag fredag.

— Ei forferdeleg trist melding å få