Dobbelt så mange tar no ut ADHD-medisinar på apoteket som for fire år sidan. Auken er særleg stor blant unge kvinner. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Dobbelt så mange tar no ut ADHD-medisinar på apoteket som for fire år sidan. Auken er særleg stor blant unge kvinner. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Dobling i ADHD-tal på fire år

På fire år har det vore ei dobling i bruk av ADHD-medisinar i Noreg. Fastlege kallar auken skremmande.

Fastlege Tor Kristian Gaard meiner altfor mange får ein ADHD-diagnose utan å vere greidd ut godt nok. Han vegrar seg for å skrive ut reseptar, skriv NRK.

– Mange av desse preparata er sterke. Og vi veit ikkje nok om langtidseffekten av dei. Slik eg ser det, byrjar ein på medisinering det ikkje finst nokon sluttdato på, seier han.

Fastlegen ønskjer no ei offentleg utgreiing om utviklinga i dei siste åra.

Tal frå FHIs legemiddelstatistikk
viser at 117.000 tok ut ADHD-medisinar frå apotek i 2023. Det er ei dobling frå 2019. Då henta under 60.000 ut denne typen medisinar. I Sverige er auken endå høgare.

Ifølgje avdelingsdirektør i FHI, Heidi Aase, har det auka fokuset på psykisk helse gjort at fleire no blir undersøkte for ADHD.

– Auken er særleg stor blant unge kvinner. Vi trur mange kvinner har gått under radaren når det gjeld ADHD i mange år. Dette var tidlegare sett på som ein «gutediagnose» og ein diagnose som berre gjeld barn og unge. Men auken blant vaksne har generelt auka.

Aase peikar på at det blir forska mykje på feltet og seier at dei jobbar med å forstå utviklinga.

(©NPK)