Nedbetalingslån og kredittkortgjeld som ikkje blir betalt ved forfall, utgjer den renteberande forbruksgjelda.
I perioden auka nedbetalingslån med 5,5 milliardar kroner, eller 6,2 prosent, og kredittkortgjelda med 7,7 milliardar kroner, eller 10,9 prosent, viser tal
frå Norsk Gjeldsinformasjon.
Den samla renteberande gjelda utgjer 138,2 milliardar kroner.
– Forbruksgjelda har hatt ein markant auke i 2024, der kredittkortgjelda stod for den største auken. Det er likevel positivt at den renteberande kredittkortgjelda har falle på slutten av året, seier dagleg leiar Svein Ove Karstensen i Norsk Gjeldsinformasjon.
Ifølgje han kjem det av at ein del refinansierer og erstattar kredittkortgjelda med nedbetalingslån som har noko lågare rente.
(©NPK)