White Star Line dreiv omfattande marknadsføring av reisene sine over Atlanterhavet. Foto: Arkivverket / Statsarkivet i Oslo / White Star Line.
White Star Line dreiv omfattande marknadsføring av reisene sine over Atlanterhavet. Foto: Arkivverket / Statsarkivet i Oslo / White Star Line.

Migrasjonsåret 2025: Søk i passasjerlistene til Amerikabåtane

Mange norske emigrantar nytta seg av det britiske reiarlaget White Star Line då dei drog til Amerika for å byggje seg ei betre framtid for 200 år sidan. No er det opna for søk i passasjerlistene.

Dette er ein del av Arkivverkets markering av Migrasjonsåret 2025, 200 år etter den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika.

– Migrasjon er ein sentral del av historia vår, og markeringa av Migrasjonsåret gir oss eit høve til å reflektere over korleis dette har forma landet vårt, seier riksarkivar Inga Bolstad. Ho er sikker på at ved å gjere desse kjeldene digitalt tilgjengelege, så blir det enklare for privatpersonar å finne forfedrane sine.

Først ut er kjeldemateriale frå White Star Line. Reiarlaget, som vart etablert i 1845, transporterte emigrantar frå Europa til Amerika, og er særleg kjent for RMS Titanic. Dette skipet forliste på jomfruturen i 1912, etter å ha kolliderte med eit isfjell.

Blant materialet som er publisert på Digitalarkivet
, er passasjerlister for skipa. Listene inneheld blant anna namn, avreisestader og reisemål, og dei er no søkbare.

I tillegg er det publisert ei utklippsbok. Her kan ein sjå korleis reiarlaga marknadsførte reisene, i tillegg til at det er publisert prislister og ulike dokument.

(©NPK)