Eurojackpot har vore gjenstand for ein alvorleg feil. Foto: Thomas Fure / NTB / NPK
Eurojackpot har vore gjenstand for ein alvorleg feil. Foto: Thomas Fure / NTB / NPK

Norsk Tipping vedgår feil i trekkinga: – Veldig alvorleg

Norsk Tipping har avdekt ein feil i måten i Eurojackpot-trekkinga blir gjennomført på. Det har medført at eit andelslag har vunne store summar på kort tid.

Det er VG som får stadfesta av spelselskapet at det har vore gjort det som overfor avisa blir omtalt som ein veldig alvorleg feil.

Bakgrunnen er at andelslag vann den nasjonale ekstrapremien på éin million kroner heile fire gonger over ein periode på berre to månader.

Det fekk Norsk Tipping til å setje i gang undersøkingar i saka.

– Analysen viser at andelsspelarar er overrepresenterte blant vinnarane av den norske millionpremien. Det ser ut til å komme av ein feil i eit oppsett i spelmotoren vår, seier kommunikasjonsrådgivar Roar Jødahl til VG.

No stansar Norsk Tipping moglegheita for andelsspel på Eurojackpot. Selskapet understrekar at feilen ikkje gjeld andre typar pengespel.

I Eurojackpot blir det etter kvar trekking delt ut ein ekstrapremie på éin million kroner til ein norsk spelar. Det er denne premien andelsspelarar har hatt ein for stor sjanse til å stikke av med.

– Det kan sjå ut som om kvar enkelt andelsspelar har fått like mange «lodd i hatten» som heile andelslaget skulle hatt, seier Roar Jødahl, som kallar feilen veldig alvorleg.

Han stadfestar at andelslag som eksempelvis skulle hatt 1600 lodd i trekkinga, har enda opp med å få 1600 lodd per medlem i laget.

Norsk Tipping opplyser at det blir jobba med å rette feilen.

(©NPK)