− Regjeringa vil no stramme inn lovverket som regulerer økonomisk støtte til dei politiske partia. Openheit om kvar pengestøtta til dei politiske partia kjem frå er viktig for demokratiet, og nødvendig for å sikre tillit til partia, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) til VG.
Han er statsråden som har ansvaret i regjeringa for partilova.
Sande understrekar at det er lov med gåver og bidrag til norske parti, men seier at det må vere ope, slik at veljarane kan sjå kva slags interesser som påverkar politikken.
Ved kommunevalet i 2023 fekk Frp 12 millionar kroner i valkampstøtte frå Aksjonen for borgerlig valgseier. Organisasjonen samlar inn pengar frå givarar, men oppgir ikkje kven som gir.
Generalsekretær og stabssjef Finn Egil Holm i Frp er oppgitt over forslaget frå regjeringa.
– Igjen ser vi korleis Ap prøver å rette fokus bort frå det eigentlege problemet. I Noreg kjøper LO politisk makt og innverknad i Arbeidarpartiet. Kjøp og sal av politisk makt er openbert ei binding. Lova er tydeleg på at det ikkje skal vere bindingar. Når Frp får gåver, er det ei støtte til den politikken Frp allereie har. Det er feil at det er ein påverknad, seier Holm.
(©NPK)