Katharina Steinsvik Beck er fagrådgivar i apotekkjeda Apotek 1. Foto: Apotek 1
Katharina Steinsvik Beck er fagrådgivar i apotekkjeda Apotek 1. Foto: Apotek 1

Spår smittetopp for influensa rundt vinterferien

Folkehelseinstituttet (FHI) ventar at hovudtyngda av influensautbrota denne vinteren kjem rundt vinterferien i februar og mars.

Hittil denne sesongen har 1,3 millionar personar teke influensavaksine, og Apotek 1 minner i ei pressemelding om at det enno ikkje er for seint å ta vaksinen.

– Vaksinen gir fullgodt vern i løpet av to veker etter vaksinering, så det er framleis tid til å få god nytte av ei sprøyte. Men det hastar om ein skal rekke det før toppen kjem, seier Katharina Steinsvik Beck, fagrådgivar i Apotek 1.

Tal frå FHI viser at 64 prosent av alle over 65 år har teke vaksinen. Målet til styresmaktene er at minst 75 prosent av innbyggjarane i denne aldersgruppa skal vaksinere seg.

– Tidlegare år har vist at mange yngre med risikofaktorar ikkje har vorte vaksinerte. Dette gjeld blant andre personar med kronisk lungesjukdom, hjarte-karsjukdom og dei med nedsett immunforsvar. Også personar med diabetes bør ta vaksinen, avsluttar Katharina Steinsvik Beck.

(©NPK)