Framover må søknader om små vasskraftverk dokumentere at anlegget kan koplast til straumnettet. Illustrasjonsfoto: Morten Holm / NTB/ NPK
Framover må søknader om små vasskraftverk dokumentere at anlegget kan koplast til straumnettet.

Strengare krav for små vasskraftverk

Framover må søknader om etablering av små vasskraftverk dokumentere at anlegget kan koplast til straumnettet, før saka blir teken til behandling av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Publisert Sist oppdatert

Dei nye krava skal bidra til at ressursane blir brukte på dei kraftverka som har størst sjanse for å bli realiserte. NVE vil ikkje behandle prosjekt som har manglande eller uavklart nettkapasitet.

NVE har i dag kø på å behandle søknader om konsesjon til å byggje små vasskraftverk. Små vasskraftverk er definerte til å ha ein installert effekt opp til 10 MW. Mange av søknadene har ikkje avklart om det er plass i nettet der kraftverka er planlagde.

– Det er heilt avgjerande at eit vasskraftverk kan koplast til straumnettet for at det skal kunne byggjast ut. Vi ønskjer derfor å bruke ressursane våre på dei søknadene som har tilgjengeleg nett, framfor dei som ikkje har det, seier Carsten Jensen, seksjonssjef for vasskraftkonsesjonar i NVE, i ei pressemelding.

(NPK)

Powered by Labrador CMS