Til saman har Kringkastingsrådet fått inn rundt 90 meldingar frå veslejulaftan til 2. januar, skriv Kampanje. Éin av dei dreier seg om feil i fasiten til «Julenøtter», medan ti altså handlar om «Kvelden før kvelden».
– Dei fleste går på innslaget om jomfrufødsel, og så er det eit par på musikken, seier Erik Skarrud, spesialrådgivar i Kringkastingsrådet.
Espen Ottosen, kommentator og journalist i avisa Dagen, har i ein kommentaren « NRKs pussige
oppgjer med jomfrufødselen
» kritisert kanalen for innslaget der ein biologiprofessor avviser at det var mogleg for Maria, som jomfru, å føde Jesus.
(©NPK)