Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen trur Vindafjord skal klare å handtere eit mottak av 50 flyktningar i 2025.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vil ha 50 nye flyktningar
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen foreslår at Vindafjord kommune skal busetje 50 flyktningar i 2025. Av omsyn til kapasiteten på Ølen skule ber han politikarane vurdere å etablere ein velkomstklasse på ein annan skule.
— Dei fleste skulane og barnehagane har god kapasitet til å ta imot nye barn, så lenge det blir tilført ressursar. Det gjeld òg SFO. Unntaket er Ølen skule og Nausthaugen barnehage, som har lite kapasitet, skriv kommunedirektør Yngve Folven Bergesen i saksinnkallinga til eit formannskapsmøte tysdag.
I november oppmoda Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) Vindafjord kommune om å busetje 50 flyktningar i 2025. Administrasjonen har kartlagt kapasiteten i fleire einingar i kommunen og konkludert med å innstille på å seie ja. Spørsmålet skal behandlast politisk med endeleg vedtak i kommunestyret 11. februar.
Behov for helsetenester