Illustrasjonsfoto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Illustrasjonsfoto: Frederik Ringnes / NTB / NPK

Vil hjelpe fleire til fagbrev med skriftleg-munnleg eksamen

Våren 2025 blir det for første gong arrangert munnleg-skriftleg eksamen som alternativ til rein skriftleg eksamen for praksiskandidatar.

Det nye eksamenstilbodet er eit forsøk i regi av Utdanningsdirektoratet, og vil i første omgang bli tilbydd praksiskandidatar i kokkefaget og reinhaldsoperatørfaget. Møre og Romsdal fylkeskommune er blant dei som deltek i pilotprosjektet.

– Det er jo mange drivande dyktige fagfolk der ute som ikkje er vane med å skrive eller som ikkje har gått på skule på lang tid, og vi ser at strykprosenten er høg på skriftleg teorieksamen. Med forsøksordninga får dei ei moglegheit som kanskje passar betre og som kan bidra til at dei består eksamen, seier Einar Hoem, som er rådgivar for privatist- og praksiskandidatordninga i Møre og Romsdal til fylkeskommunen sin nettstad.

Den skriftleg-munnlege eksamenen svarar til skriftleg teorieksamen i begge fag. Privatistar og praksiskandidatar som ønskjer å delta må melde seg opp til eksamen i Privatistportalen. Etter oppmeldingsfristen vil dei få ein e-post frå fylkeskommunen der dei kan melde seg på forsøket. Dersom det blir fleire påmeldingar enn kva det er kapasitet til, vil det bli loddtrekking om kven som får delta.

(©NPK)

Skriftleg-munnleg-eksamen

• Skriftleg-munnleg eksamen vil gi éin sluttkarakter, basert på både skriftleg og munnleg del.

• Skriftleg del varer to timar, og munnleg del inntil 30 minutt.

• Skriftlege oppgåver er like for alle, munnlege oppgåver vil variere.

• Munnleg del kan inkludere oppfølgingsspørsmål til skriftleg del.

• Eksamen blir gjennomført over tre dagar: skriftleg del 20. mai, munnleg del 21. eller 22. mai.