Grisevêr og flaum truar ski-VM – meteorologane med gult farevarsel

Grisevêr og flaum truar ski-VM – meteorologane med gult farevarsel

Vêrutsiktene for den kommande veka er ikkje lystige for ski-VM i Granåsen. Store nedbørsmengder og periodevis sterk vind pregar varsla.

Dei første VM-dagane har gått nærast utan nedbør. Torsdag tok Johannes Høsflot Klæbo sprintgull i strålande solskin.

Dei neste dagane ligg det an til at sol blir bytt ut med mykje regn. Fredag sende meteorologane ut gult varsel
om at det frå natt til søndag er flaumfare i sørlege delar av Nordland og Trøndelag. Grensa for området som får aller mest nedbør, gjekk då rett nord for VM-byen Trondheim.

– Det er stadvis venta mykje regn, opp mot 50–90 millimeter i løpet av 24 timar, heiter det i farevarselet.

Det er også sendt varsel om jord-, sørpe- og flaumskredfare. Dette strekkjer seg sør for Trondheim.

Ikkje redd for snøen

VM-sjef Åge Skinstad seier han ikkje blir nemneverdig bekymra av vêrutsiktene.

– Eg trur det kjem til å gå heilt utmerkt. Vi har suverene snøforhold og snølager, og her i Trondheim er det varierande vêr. Det er vi vande til, seier han til NTB.

Forutan snøen som ligg i sjølve løypenettet i Granåsen, er det noko som liknar vårstemning i trønderhovudstaden. Skinstad er ikkje redd for at mykje regn vil tære hardt på den sålen som ligg i anlegget.

– Det er eg ikkje bekymra for, slår han fast.

Ifølgje langtidsvarselet til Meteorologisk institutt er det fare for regn kvar einaste dag fram til VM går inn i avslutningshelga.

Vind

Vind kan også bli ein faktor i Granåsen. Særleg søndag er det spådd at vinden kan komme i kast på opp mot 20 meter i sekundet.

Søndag kveld står individuelt hopprenn for menn i normalbakken på programmet i Granåsen. Kombinertkvinnene skal også i aksjon same stad tidlegare på dagen.

Det er ikkje venta mykje vind dei siste dagane ski-VM.

(©NPK)