Johan Strømsvold (V) er uroa for heimeteste-tilbodet i Skånevik, etter å ha sett forslaga til kommunleiinga.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Debatt
Kva skjer med heimetenestene og Skånevik?
Det er med stor uro eg registrerer omorganiseringa i Skånevik Omsorgssenter og heimetenestene i Etne kommune, styrt av kommunalsjef Hilde Selland Winterthun i sektor Helse og omsorg. Det blir hevda at dei tilsette er informerte om endringane, men informasjonen kom svært seint – berre 2–3 månader før endringane trer i kraft i mars 2025. Tilsette med oppmøte i Skånevik skal då i staden møte opp i Etne.
To sentrale endringar ved Skånevik Omsorgssenter skaper uro:
1. Frå bemannabu til Tusenfryd-leilegheiter: Seks bemanna omsorgsbustader blir erstatta med åtte leilegheiter. Dette byggjer på at leigetakarane i stor grad skal klare seg sjølve, med moglegheit for hjelp frå heimetenestene. Men i Plan for pleie og omsorg 2022–2030 (PLO-plan) står det at det ikkje har vore press» på omsorgsbustader i Etne. Vil desse leilegheitene bli nytta, og er dette eigentleg berekraftig? I 2040 er det forventa behov for 37 heildøgnsbemanna omsorgsbustader i Etne kommune. Likevel halverer ein talet i Skånevik, som utgjer nær ein fjerdedel av innbyggjarane i kommunen. Korleis stemmer dette med ei framtidsretta planlegging?