Fv4752 Fjellgardsvegen i Vikedalsdalen stengd nord for gangbrua ved nummer 231. SKJERMBILETE: STATENS VEGVESEN
Fv4752 Fjellgardsvegen i Vikedalsdalen stengd nord for gangbrua ved nummer 231. SKJERMBILETE: STATENS VEGVESEN

Held veg stengd etter ras

Måndag vart Fv4752 Fjellgardsvegen i Vikedalsdalen stengd nord for gangbrua ved nummer 231. Ei ny vurdering blir gjort fredag.

nettsida til Vindafjord kommune blir stenginga grunngjeven med fare for steinskred.

— I samband med opprydding etter mindre skred er det avdekt ei større blokk som treng tiltak. Kommunal drift har difor valt å stengja vegen preventivt fram til situasjonen er meir avklart, skriv kommunen.

På X opplyser Vegtrafikksentralen Vest at det blir gjort ei ny vurdering fredag 7. mars klokka 12.00. Omkøyring går via Fv4754 Movegen.