Ansvarleg redaktør Grethe Hopland Ravn i Grannar reagerer på at fylkespolitikarane i Vestland gir tommel opp for bru til 1,8 milliardar i Sogn, mens 2.000 fylkesbruer rotnar på rot og 70 bruer er i så dårleg stand at dei i verste fall må stengast for trafikk. ARKIVFOTO
Ansvarleg redaktør Grethe Hopland Ravn i Grannar reagerer på at fylkespolitikarane i Vestland gir tommel opp for bru til 1,8 milliardar i Sogn, mens 2.000 fylkesbruer rotnar på rot og 70 bruer er i så dårleg stand at dei i verste fall må stengast for trafikk. ARKIVFOTO

Kommentar

Bru til kven?

Når 450 øybuarar i Askvoll får ei bru til 1,8 milliardar kroner, mens E134 mellom Bakka og Solheim – ei av dei mest trafikkerte og farlege vegstrekningane på Vestlandet – blir skyvd ut av Nasjonal transportplan, då er det lov å spørje kva slags prioriteringar som styrer samferdselspolitikken vår.

Når me snakkar om Bakka–Solheim, snakkar me om ein stamveg som fraktar varer verdt 135 milliardar kroner i året. Over 4.000 køyretøy – mange av dei tunge – pressar seg dagleg gjennom krappe svingar og smale parti utan gul midtstripe. Når to bilar ikkje kan passera kvarandre på E134 i Etne, og når vegen stadig stenger i fleire timar på grunn av ulykker og ras, er det ikkje snakk om ønsketenking – det er snakk om samfunnskritisk infrastruktur som burde vore oppgradert i går.

Rett skal vera rett: E134 er ein riksveg og ein del av Nasjonal transportplan – og ligg derfor ikkje på bordet til fylkespolitikarane i Vestland. Men bodskapen min gjeld like fullt dei alle, både dei som sit i fylkesting og dei som styrer i departement og storting. For ansvaret for samferdselsprioriteringar ligg ikkje berre i enkeltbudsjetta, men i heilskapstenkinga – i kva ein faktisk vel å satsa på. Når pengar blir bundne opp i bruer utan kost-nytte-vurdering, utan trafikkgrunnlag og med minimale ringverknader, samtidig som livsfarlege og flaskehals-prega vegar blir sette på vent, då seier det noko om korleis politikken fungerer – på alle nivå.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS