Energi
Fryktar for framtida til bygda
Fredag møtte ti personar, inkludert ein baby, opp ved Ølen Næringspark for å ta imot Ruben Oddekalv og Henrik Rutledal frå Norges Miljøvernforbund. Anledninga var planane til Biovind AS om å byggje eit biogassanlegg på Nerheim – noko dei frammøtte er sterkt kritiske til.
— Me likar å vere ute, men me at føler me anten må bli buande i skiten eller ta tap på sal, sa Sunniva Steinsland, som bur berre 180 meter frå tomtegrensa til det planlagde anlegget.
Sambuaren hennar, Runar Mosdal, er fjerde generasjon på garden dei bur på. For tida har dei sitt andre barn på veg. Ho fortel at dei er redde for at verdien på det dei har bygd opp, vil bli forringa.
— I utgangspunktet er me ikkje mot biogassanlegget, men plasseringa så nær Ølen sentrum, sa Audun Økland, og fekk støtte frå resten av gruppa.
Han viste til at vinden i hovudsak bles mellom nord og sør i det aktuelle området.
Biovind AS svarte nyleg på bekymringane kring planane sine:
— Kan ikkje selje i drittlukt
Dei frammøtte bestod av både naboar og representantar frå Ølen Grendautval og Berge Sag. Dei ønskte å vise motstand mot lokasjonen til anlegget, som dei meiner ligg altfor nær bustader og Ølen sentrum. Spesielt fryktar dei luktplager, med erfaringane frå biogassanlegget til Renevo på Stord friskt i minne.
Dagleg leiar Jan Berge i Berge Sag Handel AS og XL Bygg Berge Sag AS var òg blant dei frammøtte. Han fryktar konsekvensane for bedrifta dersom anlegget blir bygd.
— Me kan ikkje ha eit privatutsal i drittlukt, sa Berge.
Det er berre nokre hundre meter frå der anlegget er planlagt til der XL Bygg Berge Sag har planar om å utvide avdelinga si på Nerheim.
Problem med naboar
Audun Økland ønskte leiar Ruben Oddekalv og kollegaen Henrik Rutledal i Norges Miljøvernforbund velkommen og orienterte dei om planane og kvifor folk er så skeptiske. Oddekalv sa at dei som miljøvernorganisasjon applauderer biogass som energikjelde, men at dette ligg for nær der folk bur. Han viste til at det berre er 1,37 kilometer til sentrum.
— Kvart einaste anlegg me kjenner til, har problem med lokalbefolkninga, sa Oddekalv.
Han illustrerte med at det finst stader der folk tidvis ikkje kan henge ut klesvasken på grunn av lukta. Vidare rosa han dei frammøtte for engasjementet, og lova å løfte saka på sine sosiale medium og skrive eit høyringsinnspel.
På generell basis meiner Oddekalv at lokalpolitikarar ofte gløymer omsynet til dei som allereie bur ein stad, og blir ivrige etter å trekkje til seg arbeidsplassar og nye folk når industrisatsingar blir lanserte. Difor framheva han kor viktig det er å gjere politikarane merksame på det folkelege engasjementet mot planane.
Håpar bygda vaknar
Dei lokale sette stor pris på at Oddekalv og Henrik Rutledal tok turen frå Bergen. Utifrå avstand til heimen sa Oddekalv at det beste for Økland ville vere å flytte. Økland fortel at han blir meir og meir frustrert jo meir han les frå planen, som no er ute på høyring hos Statsforvaltaren.
— Det er krise for oss her i Ølen, men ølensbuen har ikkje vakna heilt, sa Økland.
Vegen mot eit potensielt biogassanlegg i Ølen starta i 2014, då Biovind blei etablert av Rune Furseth. Han fekk seinare med seg dei lokale eigarane Biobonden, Fatland, Nortura og Kjell Thomas Kirketeig. Selskapet fekk i 2023 45 millionar kroner i Enova-støtte, og i 2024 kom det spanske biogasselskapet Heygaz inn som hovudaksjonær med 70 prosent eigarskap. Heygaz er eigd av det franske investeringsselskapet Infravia Capital, som òg eig Molgas og Renevo.
Motstanden lokalt har vore aukande den siste tida. Over 200 personar har signert eit innbyggjarinitiativ mot etableringa, noko som etter kommunelova forpliktar kommunestyret til å ta saka opp til politisk handsaming innan seks månader.
— Me må få politikarar og lokalbefolkning til å få opp auga. Lokasjonen er rett og slett dårleg, sa Økland.
Anlegget er på høyring hos Statsforvaltaren fram til 23. mai. Vindafjord kommune som institusjon har ifølgje Økland fått utvida frist til 7. juni. Han fortalde at dei som har engasjert seg mot planane, har fått høve til å kome og presentere saka si på politiske gruppemøte 27. mai – noko Biovind òg har fått.