Dagleg leiar Rune Ramsvik i Sparebankstiftinga Etne.
FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
Godtar 40 prosent som mål – krev bindande vilkår og tak på 45 prosent
Ber kommunestyret skjerpa inn vedtak frå formannskapet – ønskjer å hindra at store leigetakarar får for mykje makt i Skakke AS.
Sparebankstiftinga Etne har no gitt si endelege tilbakemelding til Etne formannskap etter vedtaket som blei gjort 9. mai. Det er særleg spørsmålet om kor stor eigardel leigetakarane skal kunna ha i Skakke AS som får merksemd. Stiftinga godtar at grensa kan formulerast som ei målsetjing – men berre dersom det kjem på plass bindande og tydelege vilkår som sikrar ei faktisk maksgrense. Samtidig krev dei at det aldri skal vera mogleg for ein leigetakar å eiga meir enn 45 prosent.
Godtar målsetjing – men krev tydelege grenser
Sparebankstiftinga Etne seier seg villige til å godta at formuleringa bør ikkje eige meir enn 40 prosent samla sett» blir brukt i avtalen, slik Etne formannskap har vedtatt. Men dei stiller tydelege krav: Dette må berre vera mogleg dersom det blir innført klare vilkår som hindrar at eigarskapet hos store leigetakarar blir for stort.