Energi
Hard kamp om biogass
Det blei ein lang debatt og ei tett avstemming med splitting i Høgre då kommunestyret vedtok at ein framtidig søknad om eit biogassanlegg på industriområdet på Nerheim skal behandlast som ein vanleg byggjesøknad. Fleire ølensbuar møtte opp for å vise sin skepsis.
— Dette er noko av det verste som har vore planlagt i bygda nokon gong, sa Otto Aalmo før møtet.
Aalmo er nabo til industriområdet, men var tydeleg på at han engasjerer seg på vegner av heile bygda. Han grunngav skepsisen med frykt for lukt frå biogassanlegget.
Fryktar konsekvensar
Nerheim i Ølen, starta Tore Tverå eit innbyggjarinitiativ. Forslaget, sendt til kommunen av Tverå 10. mai, fekk 214 signaturar – langt over dei to prosentane av innbyggjarane som kommunelova krev for å reise saka.
Initiativtakarane ber kommunen seie eit tydeleg nei til etableringa av anlegget.
— Eg er valdsamt skeptisk til at det skal komme midt i sentrum med tanke på det som har skjedd på Stord og i Molde. Me ser at om det skjer uhell, kjem det rett ned til bygda, sa Ole Hvidsten.
Renevo sitt anlegg på Stord blei stengt ned av Statsforvaltaren i Vestland etter varige problem med dårleg lukt. Nyleg var det ei ulykke på Havila sitt biogassanlegg på Nesset i Molde, der om lag 3,5 millionar liter gjødsel lak frå anlegget, spreidde seg ut og nådde småbåthamna i nærleiken.
Initiativet blei behandla i kommunestyret tysdag. Berre Guri Ravatn (SV) stemte for eit eige forslag om å ta innbyggjarinitiativet til følgje.
Kampen stod mellom eit forslag frå Mats Årvik (Frp) om at kommunestyret skal få behandle byggjesøknaden når den kjem, og kommunedirektør Yngve Folven Bergesen si innstilling om å behandle søknaden administrativt som andre byggjesøknader.
Kommunedirektøren si innstilling fekk fleirtal med 14 mot 10 stemmer.
Skepsis til lokasjon
Modolf Haraldseid (H) starta debatten med eit lengre innlegg. Han og fleire talarar på begge sider av den endelege avstemminga peikte på biogass i seg sjølv som eit godt og viktig tiltak i det grøne skiftet, men viste forståing for skepsisen som innbyggjarinitiativet fremja.
— Risikoen er der alltid. Spørsmålet er om risikoen er tolbar og kan handterast, sa Haraldseid.
Det spørsmålet meiner han at det er ekspertar som må seie noko om, og han konkluderte med at det er tolbar risiko.
Partikollega Geir Berge var langt meir skeptisk. Han var kritisk til kommunedirektøren si oppfølging av formannskapet sitt vedtak om å gå i dialog med Biovind om alternative lokasjonar, og at selskapet ikkje hadde nokre alternativ å komme med i møtereferatet.
Berge uttala seg skeptisk til lovnadar og konsekvensutgreiingar frå biogassbransjen, og viste til erfaringane frå Renevo sitt anlegg på Stord.
— Ein blei lova det beste av alt, men så gjekk det til helvete, sa Berge.
Åge Opheim (H) fortalde at han var skuffa over at formannskapet hadde gjort justeringar i vedtaket av hans forslag i Utval for drift og utvikling (DUK), særleg at det blei tatt ut at naboar skulle få vere med på synfaring på eit liknande anlegg.
Vil legge til rette for næring
Den tydelegaste motstanden til sine innlegg fekk Opheim og Berge frå partikollega Håvard Rørtveit. Han såg på dette som eit spørsmål om kva politikarane skal gjere.
— Det blir sagt at næringslivet i Vindafjord får det til på trass av kommunen, ikkje på grunn av den. Tar me innbyggjarinitiativet til følgje, vil dette iallfall vere sant, sa Rørtveit.
Vidare viste han til Høgre sitt valprogram, som seier at dei skal leggje til rette for næring. Han svara opp skepsis mot lokasjonen og trafikkauke med å snu poenget til fordelane med nærleiken til E134 og E39.
Eksempelet frå Stord brukte han til å vise at Statsforvaltaren faktisk set ned foten om ting ikkje går som det skal. Han meinte kommunedirektøren hadde gjort jobben han skulle i dialogen med Biovind, og skjøna godt at selskapet ikkje ser alternativ til tomta dei eig på Nerheim.
Trygve Espevold (Sp) drog linjene til då industriområdet blei regulert. Han peikte på at spørsmåla i innbyggjarinitiativet og frå dei skeptiske folkevalde er ting ein kjem tilbake til i prosessen.
Oppmoda til å stå på vidare
Guri Ravatn (SV) sa at ho er begeistra for biogass, men skeptisk til lokasjonen, særleg etter ulykka i Molde.
— Hadde me starta på nytt, trur eg me hadde sagt nei til Nerheim, sa Ravatn.
Partiet konkluderte med at dei ikkje vil ha eit biogassanlegg der, og fremja følgjeleg forslag om å støtte innbyggjarinitiativet.
Ravatn stilte også spørsmål ved om anlegget svarar til reguleringa om lettare industri.
Mats Årvik (Frp) viste til at Biovind for tida har eit utsleppsløyve til behandling hos Statsforvaltaren og i fylket. Han meinte at kommunestyret burde behandle saka for å ivareta alle involverte partar, og fremja eit forslag om å behandle byggjesøknaden i kommunestyret.
Øyvind Valen (Ap) støtta Årvik sitt forslag. Han poengterte at dette er ei sak som betyr mykje for folk, og drog parallellar til planane om utvikling av industriområda på Dommersnes og Raunes med tanke på bygging til havvindnæringa, der politikken er djupt involvert i reguleringsplanprosessar.
Ivar Ødegård (Vindafjordlista) retta seg til dei frammøtte ølensbuane:
— Ikkje gi opp. Stå på og hald oss politikarar i øyrene, sa Ødegård.
Etter eit langt gruppemøte enda det med 14 stemmer mot 10 for å behandle ein byggjesøknad administrativt.
Splitten i Høgre blei avgjerande. Modolf Haraldseid, Therese Nesheim og Håvard Rørtveit stemte med fleirtalet, medan Åge Opheim og Geir Berge støtta mindretalet. Sp og KrF utgjorde resten av fleirtalet, mens SV, Vindafjordlista, Frp og Ap hamna i mindretal.