Kampen blei spela på Åsebøen stadion. Til pause var det mållaust, men i det første minuttet av andre omgang gav Thomas Lien Etne leiinga. Kristoffer Grønstad dobla til 2–0 etter 70 minutt.
Thomas Thoung Le reduserte til 2–1 for Kopervik 2 på overtid, men rett etterpå bles dommaren av, og gjestane fekk med seg tre poeng heim til Etne.
Her headar Thomas Lien inn sigersmålet i kampen mot Finnås tidlegare i år. Måndag skåra han igjen. ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Kampen fullførte serierunde nummer 14 i 5. divisjon, og Etne ligg no på sjetteplass med 19 poeng. Tre plassar over, men med berre to poeng meir, ligg Ølen. Grøntrøyene kan passere naboane om dei vinn oppgjeret på kunstgraset i Etne fredag.
På toppen av tabellen tronar Vedavåg, som med 13 sigrar og éin uavgjort er på full fart mot opprykk til 4. divisjon, med 13 poeng ned til Åkra 2 på andreplass.