— Dette var veldig kjekt. Det minna meg om då eg var veldig liten. Det var veldig stas å få besøk på skulen og Fantorangen gjorde mange tulleting, seier dei to åtte år gamle klassevenninnene Hedda Lindås Eriksen og Hedda Myklebust Høyland etter at showet med Fantorangen og venene ved Enge skule i Etne er over.
I løpet av det drygt halvtimes lange showet fredag fekk elevane i 1. til 7. klasse prøva seg på Superkviss, konkurransar, allsong og dans. Fantorangen hadde øvd seg både som DJ, som forskar for å læra å laga slim og tatt dansekurs for å læra BlimE-dansen, før han inntok scenen i NRK sin turnebuss, og saman skapte den populære karakteren og kollegaene Margrethe Røed og Mathias Alegria frå NRK Super glede og moro på skuleplassen i solskinet. Showet blei avslutta med den populære BlimE-dansen, som rektor Morten Odeen fekk i oppgåve å leia.
— Me hadde øvd masse på BlimE-dansen, seier dei to åtteåringane og let seg imponere over rektor sin innsats.
— Rektor var flink, men han såg litt etter dei andre, seier dei og smiler.

Fantorangen og Margrethe Røed i full sving på scenen. FOTO: Irene Mæland Haraldsen

Tredjeklassingane Hedda Lindås Eriksen (t.v.) og Hedda Myklebust Høyland koste seg på NRK sitt Supershow på Enge skule. FOTO: Irene Mæland Haraldsen
Supershow
Supershowet i regi av NRK Super la ut på sin første turné i koronaåret 2020. Teamet som består av til saman fem personar, reiser over heile landet med NRK Superbussen for å besøkja mellom anna skular og barnehagar. I løpet av sju veker denne våren og sommaren er teamet innom byar og bygder på Aust,- og Vestlandet. Denne veka stod Seljord, Rauland, Åmot, Bømlo og Etne på turnélista. I Etne svinga bussen innom Enge skule og to barnehagar.
— Me skal til Bømlo på laurdag og då finn me skular på vegen. Me tek turen til større skular. Målet er at alle barn skal få eit tilbod, seier buss-sjef Hilde Høgh som etter rundturen på Vestlandet set kursen tilbake til Oslo og nye show i hovudstaden.
Alle skular som får besøk blir servert eit forrykande supershow, men under besøk på barnehagane er programmet litt annleis.
— På barnehagane har me ikkje show. Då spelar me musikk, seier buss-sjefen.

Fjerdeklassingane Mai-Linn Grindheim (t.v.) og Margret Lindevik Arnestad koste seg med NRK Super-showet. FOTO: Irene Mæland Haraldsen
NRK Super
NRK Super er NRK sitt tilbod for barn frå to til tolv år. På barnekanalen finn ein mellom anna den populære tv-figuren Fantorangen som har sitt eige program. Fantorangen blei skapt i 2007 av biletkunstnar og dokkemakar Tiina Suhonen for og i samarbeid med NRK, og er blitt ein av tv-kanalen sine mest populære karakterar for barn. Tøyfiguren blei gjort levande av barnebokforfattar og dokkespelar Berit Normoen, og er gjennom bøker, tv og musikkvideoar blitt ein kjent og kjær figur for dei minste.

Margrethe Røed og Matias Alegria frå NRK Super. FOTO: Irene Mæland Haraldsen

NRK Superbussen svinga innom Enge skule. FOTO: Irene Mæland Haraldsen

Rektor Morten Odeen fekk i oppgåve å leia BlimE-dansen, til stor glede for elevane ved Enge skule. FOTO: Irene Mæland Haraldsen








