Dei lunefulle føreforholda vintertid på E134 i Fjæra, inst i Åkrafjorden, er velkjend for lokalkjende. Klimahøva skiftar brått i det tronge dalføret kor fjord møter fjell. Samtidig sluttar saltinga når ein kjem ut av Fjæratunnelen vestfrå. Mange har opplevd at ein køyrer på bar veg inn i den 1,5 kilometer lange Fjæra-tunnelen, men møter både holke og snø på andre sida.
Dødsulykke i 2016
Den 16. mars i fjor omkom ein vogntogsjåfør frå Slovakia då han mista kontrollen over køyretøyet i Fjæra. Han kom vestfrå. I rapporten til ulykkeanalysegruppa til Statens vegvesen går det fram med at han truleg mista kontrollen over køyretøyet like etter Fjæra-krysset. I rapporten blir det peika på at skiltet som varslar om at det er slutt på salting, berre står på norsk. Varselet kjem dessutan brått på i fjellskrenten mellom Eljarviktunnelen og Fjæratunnelen.
Det kan skifte frå bar veg til holkeføre på minuttar
Per Martin Kjellesvik, bilist og pendlar til Fjæra
3. januar i år skjedde det to utforkøyringar med personbilar med berre få minuttars mellomrom i Fjæra. like aust for tunnelen. Også desse kom vestfrå. Dei hadde køyrt på bart føre inn i Fjæratunnelen og møtte eit tjukt lag med våt snø og slaps ved utgangen av tunnelen. Det er på det reine at det den gongen heller ikkje var brøyta godt nok i Fjæra-krysset av entreprenørane, i høve til krava frå Statens vegvesen.
Etter den siste dobbelt-hendinga skreiv lensmann Ingvar Gjærde eit brev til Statens vegvesen kor han uttrykte uro for vegvedlikehaldet på staden. No blir han høyrt.
Set opp vêrstasjon
— Det skal setjast opp ein vêrstasjon med kamera ved Fjæra-krysset. Ved hjelp av både levande bilete og måleinstrument slepp entreprenøren å sitje i Etne og gjette på korleis det ser ut der inne, og det blir enklare å setje i verk tiltak, seier Lars Øyre i Statens Vegvesen, som sjølv bur i Fjæra og er godt kjent med dei lunefulle vegforholda.
Og det kjem nye skilt som skal varsle om at det er slutt på salting, med både norsk og engelsk tekst.
— Dei er i bestilling, og me reknar med at dette er på plass innan nyttår, seier han.
Det er også drøfta om ein bør salte ikkje berre til Fjæra-krysset, men vidare opp Fjæra-brekkene til Rullestad når forholda er slik at det kan vere fornuftig. Dette er ikkje bestemt enno, men ifølgje Øyre vil dette vere tema på eit møte med entreprenørane som har vedlikehaldskontraktane vest og aust for Fjæra dei næraste dagane.
— Det er få gonger kvar sesong at føreforholda er slik at det vil vere aktuelt, men det bør vere mogeleg å gjennomføre når det skjer, seier Øyre.
Løyser ikkje alt
Per Martin Kjellevik køyrer dagleg frå Etne til Rullestad kor han driv reiselivsverksemda Halvfjordingen. For nokre år hamna han sjølv i ei ulykke då han mista kontroll over bilen på holka i Fjæra og kolliderte med ein brøytebil som kom sklidande nedover bakken. Berre flaks sytte for at han ikkje vart skadd i ulykka. Bilen vart nærast kløyvd av plogen rett framfor beina hans.
Han er glad for at Statens vegvesen no ser ut til å gjere det dei kan, men åtvarar alle mot å tru at det løyser alle utfordringane.
— Det kan skifte frå bar veg til holkeføre på minuttar. Det er spesielt i grålysinga at me opplever desse skifta. Dette er noko ingen, verken sjåførar eller Statens vegvesen kan lastast for, legg han til han.
Kjellesvik viser til at han sjølv var godt kjend med faren som kunne venta han, likevel hamna han i ei ulykka der.
— Det seier sitt om kor farleg plassen er, seier han.