Den uheldige hjorten var nok glad då Judith Åshild Løvgren Auestad og nabo Roger Tesdal redda den frå siloballane før helga. Hjorten skal ha vore i fin form då den sprang av garde etter reddinga. Foto: Judith Åshild Løvgren Auestad

Sat fast mellom siloballane

Ein hjort var uheldig då den skulle over eit jorde på Kaldheim i Etne fredag i førre veke.

Korleis det heile skjedde, er uvisst men faktum er hjorten i alle fall satt fast mellom siloballane. Judith Åshild Løvgren Auestad fortel at det var mor hennar som oppdaga hjorten då ho skulle hente posten ved 13-tida.

— Først såg ho noko blod, før ho la merke til hjorten. Eg reknar med at den må ha prøvd å hoppe over siloballane, men i staden ha hamna midt mellom dei. Me fekk hjelp av naboen vår Roger Tesdal til å trekke dyret opp frå ballane. Den verka ikkje skadd, sjølv om det var litt blod, og sprang fort av garde, seier Auestad, som aldri har opplevde liknande sjølv om det er mykje hjort i området.