Fretex-butikken i Ølen

Men mange på dei mange arbeidsplassane i landet sit ikkje alltid trygt, endringane i samfunnet […]

Men mange på dei mange arbeidsplassane i landet sit ikkje alltid trygt, endringane i samfunnet er store. «Det huske opp og ned og vi lyt følgje med», for å sitera Prøysen„,
Siste skrik her på bjerge, trur eg er Fretex-butikken i Ølensjøen. Ein av dei verkeleg viktige butikkane for mange.
Denne butikken er så kjent blant folk flest at nærare omtale trengst ikkje. Her gjeld det nemleg sal av gjenbruksvarer på sitt beste, og med eit stort og breitt utval til ein rimeleg pris. I vår tid med avfallsplassar og bruk og kast mentalitet – avfallsberg av ting og tang som folk er leie av – kan ein i denne butikken finna ting som framleis er godt brukbare, og til ein rimeleg pris.
Kvifor skal så denne butikken leggjast ned? Her kan nemleg både Kong Salomo og Jørgen Hattemakarvera kundar. Men kravet til å få halda fram er nemleg at det skal løna seg. Alt skal løna seg i vår tid – jamvel kultur og kunst – skal ha ein pluss i kroner.
Det løner seg ikkje å halda folk i arbeid i denne butikken som Frelsesarmeen driv for å hjelpa. Det løner seg ikkje utan at den store NAV kan finansiera fem arbeidsplassar. Det må vel til overmål vera eit paradoks når dei same som vert utan denne arbeidsplassen må få stønad frå den same NAV.
Og det menneskelege omsynet til dei som har ein triveleg arbeidsplass å gå til, tel ikkje i ei tid som samfunnet dyrkar av mammon. Heller ikkje omsynet til dei som verkeleg treng å kunna kjøpa kle og innbu m.m. for ein spottpris. Kanskje kunne einstrekkja prisane litt for å få endane til å møtast.
Nei, la heller renovasjonsvesenet få litt meir å gjera, det er lønsamt, det.
Eg kjenner ikkje den prosessen som har gått føre seg i dette tilfellet, men anten har lunta vore for lang eller for kort. Utan at det er gjort noko med det, som det heiter.
La Fretex-butikken få leva til glede for både dei tilsette og for folk som treng denne butikken.

Endre Heggen