Årets utkantbutikk

Dagleg leiar John Karsten Hustveit, butikksjef Bjørg Marit Ljusnes og dei andre tilsette gler seg […]

Dagleg leiar John Karsten Hustveit, butikksjef Bjørg Marit Ljusnes og dei andre tilsette gler seg over heiderstittelen.
— Merkur er eit kompetanseprogram for utkantbutikkar. Leiarane for butikkane kjem saman på møte. Dei hjelper einannan med idear til å profilera seg, forklarer butikksjef Ljusnes.
— Kommentarar til utmerkinga?
— Det er veldig kjekt å ha fått ein slik diplom, synest butikksjefen. Ho har sjølv arbeidd i butikken nesten sidan han opna opp. Først som ekstrahjelp, og dei siste to og eit halvt åra som butikksjef.
John Karsten Hustveit har vore dagleg leiar av butikken og kafeen på Åkrafjordtunet i to periodar. Han tok over drifta på nytt tidleg i vår.