Restriksjonar og smitteverntiltak set ein stoppar for ope hus under dei årlege haustfestane til 4H. Alle dei 27 medlemmene i Bjoa 4H stilte sundag opp med prosjektoppgåvene sine for vurdering og godkjenning på den årlege og annleis haustfesten.
Ein annan vri
— Det har vore eit spesielt 4H-år med mange restriksjonar og avlysingar av dei sosiale og kjekke tinga som alle medlemmene er med på, slik som skituren til Haukeli, fortel leiar i Bjoa 4H, Milde Eikehaugen Knutsen (17), som har vore aktiv sidan ho var 10 år.
Ho synest det er kipt å ikkje få halde opent hus for heile bygda, slik som tidlegare år. 17-åringen formannen var representert med oppgåve om matlaging. Det er ei 4H-oppgåve som høver godt sidan Milde bur på hybel i Haugesund medan ho går på VG2 Helsefagarbeidar. Ho fortel at dei løyste den tradisjonelle hustfesten med at bygdefolket kunne få kome innom for å sjå utstillinga med alle prosjektarbeida, i tillegg til å få kjøpe seg kaffi, kaker og lodd. Seinare på ettermiddagen samla medlemmene seg med den næraste familien til ei lukka markering med merkeutdeling.
Det er kipt å ikkje få halde opent hus for heile bygda
Milde Eikehaugen Knutsen, Bjoa 4H
— Det siste året har det vore mykje avlysingar av arrangement, og det har vore krevjande å få gjennomført at som planlagt, seier den ferske formannen som har vore med i styret sidan 5.klasse.
— Synd at det ikkje vart noko av konkurransen Amazing Race, der me nyttar oss av heile bjoalandet og heile bygda kan vere med for å delta, seier ho.
Nytt moderne klubblokale
Det har skjedd positive ting i klubben også, forklarer Milde, og siktar til at det nye og moderne klubblokalet i kjellaren til gymsalen på skulen er tatt i bruk.

Bjoa 4H klubb har tatt i bruk dei nye flotte lokala. på skulen. FOTO: Foto: Privat
Klubblokalet er rusta opp og gjennomført av fagfolk med økonomisk bidrag frå SØK, Sparebank-1 stiftinga og fleire lag i bygda. Det er blitt eit heilt nytt møtelokale med eige kjøkken og utstyrsrom, som Bjoa 4H kan nytte til medlemsmøta og andre samkomer. Ein gong i månaden er fast møtedag for medlemmene.
Samfunnsengasjert ungdom
Føremålet til 4H er å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske, der målsetjinga vert uttrykt igjennom 4H løftet; klårt hovud, varmt hjarta og flinke hender og ei god helse.

Prosjektoppgåva til Christoffer Heggebø Sandsgård (13) var baking, som dette året for fyrste gong vart gjennomført på den nye digitale plattforma.
FOTO: Foto: Privat
I 4H-programmet som er delt inn i områda natur, kultur, samfunn og helse, kan kvar enkelt kan velje seg eit tema innan dei ulike områda, som for eksempel birøkt, hesten min, sminke og baking. Når medlemmene har gjennomført og fått godkjent eit 4H-prosjekt, får kvar enkelt utdelt dei ulike merka i sine klassar på den årlege haustfesten.
Digitale 4H prosjekt
Nytt av året i organisasjonen representerer eit tidsskilje med overgang til digitale 4H prosjekt. I meir enn 50 år har medlemmene på Bjoa og andre 4H-klubbar nytta eit ferdig arbeidshefte med blankettar og skjema som grunnlag for gjennomføring av det obligatoriske prosjekta. Frå 2020 er dette kome over på ei digital plattform.
— Det har vore mykje å setje seg inn i med det nye data systemet, forklarer Milde som er ein av fire aktuelle plakett-mottakarar i Bjoa 4H i 2021.
Planen er å gjennomfører prosjektet sitt om trening og crossfit til neste haustfest. Ho legg til at alle kom i mål med prosjekta sine igjennom den digitale plattforma, og medlemmene er alt i gang med nye oppgåver og ser framover til neste haustfest i 2021.

Alle 4H medlemmene på Bjoa står framføre prosjekta sine og seier fram 4H lovnaden.
Fem fekk utdelt plakett i Skjold 4H
Ni år med godkjente oppgåver gav plakett til fire jenter og éin gut i Skjold 4H.
I Skjold 4H laga medlemmene til sin årlege haustfest sundag 25. oktober i Skold Arena. I år måtte 4H-medlemmene her tenkje annleis på grunn av covid-19 og ulike smitteverntiltaka.
Det vart difor ein enklare variant av haustfesten dette året, medan det viktigaste med arrangementet er at kvar enkelt prosjektoppgåve vert stilt ut og vurdert med godkjenning og merketildeling i dei ulike aldersklassane. Det var mange flotte og kreative oppgåver som var løyste på ein framifrå måte. Dei omhandla alt frå friluftsliv, sauehald, grønsaker, musikal, i tillegg til hybelliv og mekking.

Skjold 4H med sine fem Plakett-mottakrar etter flott innsats igjennom ni år. F.v. Heine Erik Hustveit, Solveig Terese Fjeldheim, Kristi Gjerde, Frida Aase og Sina Krakk.
Foto: Privat
Leiarane Karine Nesheim og Tonje Frøyland leia den flotte 4H festen og losa festdeltakarane igjennom ein fin kveld. Underhaldninga var det aspirantane og juniorane som stod føre, dei framførte ei kjempebra underhaldning for alle frammøtte i salen.
Skjold 4H hadde i år fem plakett-mottakarar som fekk utdelt vitnemål og plakett etter flott innsats igjennom mange år. Dette var Heine Erik Hustveit, Solveig Terese Fjeldheim, Kristi Gjerde, Frida Aase og Sina Krakk.

Her alle på Skjold 4H sin haustfest samla påscenen.


