Onsdag føremiddag sendte kommunedirektørane i Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær, Bokn, Utsira og Vindafjord ut ei felles pressemelding om nye tiltak for å redusere talet på sosiale kontaktar i perioden framover.
Færre sosiale kontaktar
Desse lokale anbefalingane gjeld for perioden frå onsdag 10. mars til og med måndag 22. mars:
• Talet på kontaktar gjennom ei veke bør ikkje overstige 10 personar i sosial samanheng utover naudsynte kontaktar i jobbsamanheng.
• 2 meter avstand gir større risikoreduksjon og er anbefalt i møte med personar i risikogrupper.
I tillegg vidareførast tidlegare anbefalingar. Desse er som følgjer:
• Arrangement og private samankomstar innandørs på offentleg stad kan gjennomførast med inntil 10 personar.
• Gravferd og bisetting kan gjennomførast med inntil 50 personar.
• Arrangement innandørs med inntil 100 personar i fastmonterte seter er tillate.
Stor auke i smittetilfelle
Endringa kjem etter at spesielt Haugesund-området har opplevd ei kraftig auke i korona-smitte dei siste dagane.
Årsaka til at dei nemnde kommunane innfører felles tiltak er at dei ser på regionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad med mykje kontakt mellom folk på tvers av kommunegrensane.