Nyheitsstudio
Fem timar med negativ straumpris i Sør-Noreg laurdag
Frå klokka 11 laurdag blir det fem timar med negativ straumpris i Sør-Noreg, ifølgje Europower.
Meteorologane slår nordlysalarm i Sør-Noreg
Det er stor sjanse for å sjå nordlys fleire stader i landet fredag kveld, melder Meteorologene.
Politiet åtvarar mot svindlarar
Fleire svindlarar både ringjer og sender e-postar der dei gir seg ut for å vere tilsette i politiet eller i ein bank. Fleire har late seg lure.
7.900 lærarar i barnehage og skule får vidareutdanning
Over 6.200 lærarar og 1.700 barnehagelærarar får tilbod om vidareutdanning til hausten.
Kvar fjerde personbil i Noreg er elektrisk
Av litt over 2,8 millionar registrerte personbilar i Noreg er no ein firedel elektriske. Ingen land i heile verda har like høg elbilandel.Underskotet av egg aukar – Noreg manglar 46 millionar egg
Nortura seier det vil mangle nesten 3000 tonn egg i Noreg i år. Det er ei større underdekning enn det som tidlegare er kjent.Mager tilgang på såkorn – tomt for bygg
Felleskjøpet og Fiskå mølle har selt meir såkorn enn vanleg i år, og lagera er skrapa for såkorn til byggåkrar.
Svindlarar gir seg ut for å vere frå domstolane
Domstolane i Noreg har vorte varsla om svindelforsøk der svindlarar gir seg ut for å ta kontakt på vegner av domstolane.
Brot i forhandlingar for frisørar
Fagforbundet og NHO Service og Handel har brote lønsforhandlingane for over 1200 frisørar.
14.000 oppdrettslaks har rømt frå anlegg med alvorleg smitte
Lakseoppdrettsselskapet Lerøy melder at 14.000 laks har rømt frå anlegget deira i Hitra kommune. Fisken i anlegget var smitta av to alvorlege sjukdommar.
Kommunalministeren godtek ikkje betaling på gratisferjene
Dersom fylkespolitikarane i Møre og Romsdal vedtek å krevje betaling på gratisferjene, kjem staten til å trekkje tilbake pengane som fylkeskommunen får.